Veke 23 (2. – 7. juni) har Norheimsund Indremisjon den årlege dugnaden, kvar kveld mellom kl. 17.30 – 20.30, med innlagt kaffipause. Tysdag og onsdag vert det vasking, rydding m.m. Me vil dette året mala vegger og tak i gangen oppe, og trappegangane. Det skal skiftast ut 2 dører i kjellaren etter krav frå brannvernet, kan nokon ta det på seg? Elles vert det diverse mindre arbeid. Me ynskjer «fullt trykk» frå måndag 2. juni, så ser me kor lenge me treng halda på. Ta kontakt med Olav Helleve, epost; rag-he@online.no/ tlf. 91122640 og sei kva dagar som passar, dersom du har høve til å delta. Vel møtt!
17. mai-fest i Norheimsund
I høve 200 års-jubileum for Grunnlova har Norheimsund Indremisjon gleda å invitere til fest i Norheimsund bedehus 17. mai kl.18.00. Det vert prolog av Bjørn Høyland og festtale ved Karl Johan Hallaråker, medlem i Krf sentralstyre. Det vert også program for borna, musikk ved Ingrid Sørheim, mat, lysbilete og kollekt. Alle er hjarteleg velkomne!
Jan Honningdal til Norheimsund
Helga 25. – 27. april er det klart for lovsongshelg i Norheimsund kyrkje. Lovsongsleiar Jan Honningdal blir med laurdag og sundag. «Lovsang har egentlig ingenting med musikkinstrumenter eller stil å gjøre. Lovsanger i forskjellige former har vi hatt siden Davids tid. Jeg tror derfor det er lurt å velge musikkstil etter forsamlingen man leder. Målet er hver gang å finne sanger hvor alle kan være med å gi sitt hjerte til Jesus. Og når man finner slike sanger, da synger folk virkelig. Det står i Bibelen at vi hele tiden skal «synge en ny sang.» Det er med andre ord naturlig å fornye seg, gjerne sette nye melodier på gode tekster. For sannheten om Gud er de samme, tekstene kan være gamle, men vi kan synge dem på en ny måte. Det har alltid skjedd opp gjennom historien. Lovsang er ikke noe som karismatiske menigheter har funnet opp, og den er heller ikke laget for å tilfredsstille ungdom. Lovsang kan derimot uttrykkes forskjellig fra person til person, og den er gjerne farget av situasjonen den oppstår i eller synges i.» – Jan Honningdal.
Fortsett å lese «Jan Honningdal til Norheimsund»
Ungdomskoret arrangerer basar
Ansgar Gospel Choir til Norheimsund
Ungdomskoret held konsert i Ålvik
Måndag 31. mars kl. 19.30 held Norheimsund & Øystese Ungdomskor konsert i Ålvik kyrkje. Gratis inngang – kollekt. Velkomen! Arr.: Ålvik Sokneråd
Årsmøte i Øystese Indremisjon
Basar fredag 14. mars
Det Norske Misjonsselskap (NMS) sine foreiningar i Vikøy og Norheimsund skal ha basar fredag 14. mars i Norheimsund bedehus kl. 18.30. Det vert andakt av Sokneprest Johnny Knudsen. Heims Musikklag skal spela og me skal ha servering. Åretrekningar og trekking av loddbøkene. Det er alltid kjekt med basar. Me har ein gild kveld saman, samtidig som me får gi ei gåve til det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Det vert loddsal på Rema 1000 og Coop Prix i Norheimsund. Velkomne på basar!
Ungdomskoret samarbeider med HimalPartner
Kvart år reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turné i vinterferien for å samle inn pengar til eit prosjekt. Dette året går turen til Østfold og Akershus. I løpet av ei lita veke skal koret halde konsertar rundt om i fylka. Base blir på Solbukta Ungdomssenter i Gresvik utanfor Fredrikstad. I år blir det samla inn til eit HimalPartner-prosjekt i Nepal. Prosjektet støttar arbeidet som blir drive mellom psykisk utviklingshemma og mentalt sjuke i Kathmandu, Nepal. Målet er at dei sjuke kan få eit liv der dei blir inkludert i samfunnet og blir respektert som verdifulle menneske. Turnékostnadane betaler ungdommane sjølve, så alle innsamla midlar går uavkorta til koret sitt misjonsprosjekt.
Fortsett å lese «Ungdomskoret samarbeider med HimalPartner»
Felles sundagsmøte og storsamling 16. februar
Norheimsund bedehus søndag 16. februar kl. 11.00: Vi får vitjing av (biletet), ein av redaktørane i Dagen. Ho har skrive mykje om kristenforfylgjinga ute i verda. Særleg har våre kristne brør og systre i dei islamistiske og kommunistiske diktatur det vanskeleg. Denne forfylgjinga vert lite omtala i dei store media. Difor har vi eit ansvar med å gjera dette kjent slik at vi kan vise omsorg for dei både i bøn og praktisk. Jesus seier til læresveinane at dei kjem til å bli forfylgde i verda. Og sanneleg har dei kristne blitt forfylgde til alle tider. I våre dagar er det mange millionar og ca. 6-7000 (Dagen 6/12-13) vert drepne kvar år. Korleis stiler vi oss til dette? Kan vi vera likesæle til ein slik urett? I 1.Joh.3,17 stiller apostelen eit nærgåande spørsmål: ”Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel let att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?” Kari Fure vil fortelja meir om dette under tema: Religionsfridom. Dette føremiddagsmøtet vert i lag med Storsamlinga. Vel møtt!