Oppstart for ungdomskoret!

Mandag 24. august startar Norheimsund og Øystese Ungdomskor opp att med øving i Norheimsund bedehus kl. 19.30. Det vert også dette året øving annankvar gong i Norheimsund og Øystese. Semesterplan finn du her. Velkomen til nye og gamle songarar!

Lyngdal bibelcamp

Eit av dei få kristne sommararrangementa som faktisk går av stabelen denne sommaren er ImF sin bibelcamp i Lyngdal. Dei fleste møta vert streama på ImF si Facebook-side. I komande veke er det eit team frå Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon som har ansvar for song og musikk. Kenneth Foss er møteleiar og Erik Furnes og Jan Rettedal er talarar. Bibeltimar blir sendt kl. 11.15 (tysdag – lørdag), kveldsmøte kl. 19.30 kvar kveld og familiegudsteneste sundag kl. 11.00.

Gottman samlivskurs i Norheimsund

Hausten 2020 blir det Gottman samlivskurs i Norheimsund! Nærare bestemt 11. – 12. sept, 22. sept, 29. sept og 13. okt. Å gå på samlivskurs er vel investert tid! Akkurat som bilen treng service, så treng også parforholdet å bli satt fokus på! Dette er eit kurs som egnar seg både for unge og gamle! John M. Gottman er kjent som verdas fremste samlivsforskar, og har forska på over 3000 par i over 40 år. Ut ifrå dette har Gottman funne 7 prinsipp, som ein finn i dei lukkelege parforholda! Har du lyst til å få betre kjennskap til desse 7 prinsippa? Øve på vanar som kjenneteiknar par som held saman? få kjennskap til kva som er faresignal med tanke på skilsmisse? Då er dette kurset for deg og din kjære! Mange tenkjer kanskje at me har det bra slik me har det og ting fungerar heilt ok! Gottman seier at i velfungerande parforhold, unngår ein mykje stress frå konfliktar, og får styrke til å takle stresset ein møter i kvardagen! Det er også bevist at eit godt ekteskap styrkjer immunforsvaret! Så her er det mange gode grunnar til å bli med på kurset! For å nå ei breiare gruppe, har me valt å ha kurset i amfisalen på Norheimsund skule. Men me vonar likevel at mange frå Norheimsund og Øystese Indremisjon vil melde seg på kurset! De finn meir informasjon om kurset her. Og de kan besøkje vår facebookside: Gottman samlivskurs Norheimsund! Ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på eller om de kan tenkje dåke å bidra med noko praktisk på kurset! Det går fint an å vera deltakar samstundes! Kontaktinfo: Marta Gravdal 95700418.

Sommarope i Norheimsund

Når det meste er sett på pause i ferietida, kan det vera godt å koma saman til ei delestund i bedehuset.  Eit enkelt opplegg med å koma saman, dela eit Bibelord og livserfaring, lytta og be i lag, er det me inviterer deg til å vera med på kvar tysdagskveld i sommarhalvåret.  Det startar tysdag 30. juni kl. 20.00. Inviter med deg ein ven og kom! «Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei», Matt. 18.20. 

Velkommen til enkel samling om Guds Ord og bøn! 

IMS-basar i Norheimsund sundag 21. juni kl. 16.30 – 17.00!

Ta med bilen og møt opp ved Norheimsund bedehus kl. 16.30. Du køyrer gjennom ei løype med ulike stasjonar; lynlotteri, trekning av gevinst på skiltnummer på bilen, loddsal til hovudlotteri, mat og drikke… Betaling med Vipps! Ein kan også kjøpe lodd til hovudtrekninga på førehand, enten til Vipps #102696 eller til kontonr. 8220.02.80454. Dersom du nyttar kontonummer, må dette gjerast innan torsdag 18. juni. Oppgje namn og telefonnummer. Hovudtrekninga vert streama på Facebooksida til IMS sundag kveld kl. 19.00. Bli med og støtt IMS 🙂

Tur til Stuasete sundag 14. juni

Sundag 14. juni arrangerer Øystese Indremisjon tur til Stuasete. Det blir Minitreff med andakt av Anna-Mette og Gaute Klyve, natursti for store og små og grilling.

Ta med eigen mat og drikke.  Me stiller med varme grillar. Parkering ved bommen eller på Sæleset. Parkering kostar 30 kr. Dersom nokon treng skyss; kontakt Bent Inge Bentsen tlf. 992 10 126.

Hugs vanlege smittvern-reglar gjeld sjølv om me er ute; god avstand og reine hender! Berre dei som er friske kan vere med.

Program:
kl. 11.00: Registrering
kl. 11.15: Minitreff med andakt
kl. 12.00: Natursti
kl. 13.00: Grilling


Blir kjekt å møtast igjen 🙂 Velkomen!

Sundagssamlingar i Norheimsund bedehus 14. juni kl. 10.00 og 11.30

Det er kjekt å få invitera til samling sundag 14. juni i Norheimsund bedehus. Diverre kan berre 50 personar delta på kvar samling, så styret har vedteke at me har to samlingar, kl. 10.00 og kl. 11.30. Eli Tveitane har andakten. Det vert pinsequiz og kollekt. Me gler oss til å samlast igjen!

MERK: Då smittevern-pålegg set grenser for talet på deltakarar, så vert det påmelding innan torsdag 11. juni på SMS til Tore Skeie mobil 90077001 om kor mange og kva samling de kjem på («først til mølla»-prinsippet gjeld). Vanlege smittvern-reglar gjeld: God avstand og vask hender! Berre dei som er friske (symptomfrie) kan møta.

Vel møtt!

Ved til sals!

Eit parti ved av or er for sal til inntekt for Norheimsund bedehus. 10 sekker á 60 liter for kr. 500,- (levert). Ta kontakt med Magnar Leiren tlf. 99502836 for avtale. Betal til kontonr. 3530.20.31469 eller Vipps #103415. Merk betalinga med «Nhs b. ved». Kjøp sjølv og tips andre. Håpar på snarleg og god respons!

Dugnad i Øystese bedehus

Tysdag 9. juni kl. 17.00 og utover er det klart for tredje del av maledugnaden på Øystese bedehus. Det er inga påmelding – berre møt opp! Ta kontakt med Vidar Stensletten Eik på tlf. 47632506 dersom du har spørsmål eller ynskjer å bidra ein annan dag.