Styret i Norheimsund Indremisjon har vedteke nye utleigetakstar for Norheimsund bedehus. Det nye takstane finn du her.
Nytt år for NØUK
Måndag 27. august startar Norheimsund & Øystese Ungdomskor opp med øving i Norheimsund bedehus kl. 19.30. Nye og gamle medlemmer er hjarteleg velkomne! Følg NØUK på Facebook.
Oppstart for Shine og Junior Ving
Måndag 27. august startar barnekoret Shine opp att. Shine øver kvar måndag kl. 17.30 – 18.15 i Norheimsund bedehus. Koret er for born i alderen 5 år til og med 4. klasse. Nye og gamle medlemmer er velkomne!
Aktivitetsklubben Junior Ving startar også opp denne dagen. Klubben er for dei i 1. – 4. klasse. Junior Ving har samlingar annankvar måndag kl. 18.00 – 19.30 i Norheimsund bedehus. Velkomen!
Nytt styre i ungdomskoret
Det nye styret i Norheimsund & Øystese Ungdomskor har konstituert seg. Styret for 2012/ 2013 er slik: Ingvild Bjelland (leiar), Simon Undal (nestleiar), Ingvild Kleven (andeleg leiar), Sigmund Vestrheim (miljøansvarleg), Frida Vinge (skrivar) og Gaute Ulltang (pr-sjef). Me ynskjer det nye styret lukke til med nytt korår!
Klart for haustens fyrste storsamling
Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon ynskjer velkomen til storsamling i Øystese bedehus sundag 26. august kl. 17.00. Tema for samlinga er «Jordas største under, – du og eg i det kristne fellesskapet». Lars Arne Vik held andakt. Det vert eige opplegg for borna. Etter samlinga er det kveldsmat for alle i kjellaren. Inviter gjerne med nye på storsamling!
Datoane for haustens storsamlingar finn du her.