IMS-basar i Norheimsund sundag 21. juni kl. 16.30 – 17.00!

Ta med bilen og møt opp ved Norheimsund bedehus kl. 16.30. Du køyrer gjennom ei løype med ulike stasjonar; lynlotteri, trekning av gevinst på skiltnummer på bilen, loddsal til hovudlotteri, mat og drikke… Betaling med Vipps! Ein kan også kjøpe lodd til hovudtrekninga på førehand, enten til Vipps #102696 eller til kontonr. 8220.02.80454. Dersom du nyttar kontonummer, må dette gjerast innan torsdag 18. juni. Oppgje namn og telefonnummer. Hovudtrekninga vert streama på Facebooksida til IMS sundag kveld kl. 19.00. Bli med og støtt IMS 🙂

Tur til Stuasete sundag 14. juni

Sundag 14. juni arrangerer Øystese Indremisjon tur til Stuasete. Det blir Minitreff med andakt av Anna-Mette og Gaute Klyve, natursti for store og små og grilling.

Ta med eigen mat og drikke.  Me stiller med varme grillar. Parkering ved bommen eller på Sæleset. Parkering kostar 30 kr. Dersom nokon treng skyss; kontakt Bent Inge Bentsen tlf. 992 10 126.

Hugs vanlege smittvern-reglar gjeld sjølv om me er ute; god avstand og reine hender! Berre dei som er friske kan vere med.

Program:
kl. 11.00: Registrering
kl. 11.15: Minitreff med andakt
kl. 12.00: Natursti
kl. 13.00: Grilling


Blir kjekt å møtast igjen 🙂 Velkomen!

Sundagssamlingar i Norheimsund bedehus 14. juni kl. 10.00 og 11.30

Det er kjekt å få invitera til samling sundag 14. juni i Norheimsund bedehus. Diverre kan berre 50 personar delta på kvar samling, så styret har vedteke at me har to samlingar, kl. 10.00 og kl. 11.30. Eli Tveitane har andakten. Det vert pinsequiz og kollekt. Me gler oss til å samlast igjen!

MERK: Då smittevern-pålegg set grenser for talet på deltakarar, så vert det påmelding innan torsdag 11. juni på SMS til Tore Skeie mobil 90077001 om kor mange og kva samling de kjem på («først til mølla»-prinsippet gjeld). Vanlege smittvern-reglar gjeld: God avstand og vask hender! Berre dei som er friske (symptomfrie) kan møta.

Vel møtt!

Ved til sals!

Eit parti ved av or er for sal til inntekt for Norheimsund bedehus. 10 sekker á 60 liter for kr. 500,- (levert). Ta kontakt med Magnar Leiren tlf. 99502836 for avtale. Betal til kontonr. 3530.20.31469 eller Vipps #103415. Merk betalinga med «Nhs b. ved». Kjøp sjølv og tips andre. Håpar på snarleg og god respons!

Dugnad i Øystese bedehus

Tysdag 9. juni kl. 17.00 og utover er det klart for tredje del av maledugnaden på Øystese bedehus. Det er inga påmelding – berre møt opp! Ta kontakt med Vidar Stensletten Eik på tlf. 47632506 dersom du har spørsmål eller ynskjer å bidra ein annan dag.

Dugnad i Norheimsund bedehus

Det blir dugnad i Norheimsund bedehus også i år. Inga påmelding, berre møt opp. 

Dato: Torsdag 4. juni. 1700 – 20.30, med kaffipause.

Ps! Ta med kaffikopp og evt. eigen proviant 🙂

Lurer du på noko? Ta kontakt med Ole Håland på tlf. 97623246.

Pinsesamlingar i Norheimsund bedehus – AVLYST!

No har det meste av møter og arrangement vore avlyst. Sidan smitten er betre under kontroll, kan me forsiktig opna opp og koma i gang igjen. Det er kjekt å få invitera til samling på 1. pinsedag i Norheimsund bedehus. MEN berre 50 personar kan delta på kvar samling, så styret har vedteke at me har to samlingar, kl. 10.00 og kl. 12.00. Seniorprest Arne O. Øystese har andakten. Det vert pinsequiz og kollekt. Me gler oss til å samlast igjen! 

MERK: Då smittevern-pålegg set grenser for talet på deltakarar, så vert det påmelding innan torsdag 28. mai på SMS til Tore Skeie 90077001 om kor mange og kva samling de kjem på («først til mølla»-prinsippet gjeld). Vanlege smittvern-reglar gjeld: God avstand og vask hender! Berre dei som er friske (symptomfrie) kan møta.

Arr. Norheimsund indremisjon

Søndag 3. mai 2020

Tale over søndagens tekst 4. søndag i påsketiden, Joh. 16, 16-22 v/ Odd Bjarne Skogestad, tidl. leiar av Israelsmisjonen. Skogestad skulle ha talt på Allesamansamlinga i Norheimsund bedehus.  Finn podcasten her på heimesida og noko oppdatering om situasjonen i Israel. Det vert høve til å gje ei gåve til Israelsmisjon sitt arbeid på  Vipps nummer 540789 eller kontonummer 3000 15 24360.

ULIKE FAMILIEOPPLEGG:

Søndagsskolen til opplegg på nett: https://www.youtube.com/channel/UCR-4jhIXhpkVkhBx6HxV-RQ

Chris og Øystein finn du på facebook: https://www.facebook.com/chrisduweproductions/videos/397984107677225/

Awana held fram med opplegg på nett for barnefamiliar, sjå  https://www.youtube.com/channel/UCobXT6WqAbntxE8esB_8hJA/featured

Minne dykk også om å koma saman i mindre grupper, bedehuset er ope for det!

Velsigna søndag!

NIM-styret v/ Eli Tveitane