TREFF på tvers – lokal TV-sending frå Øystese Indremisjon og Norheimsund Indremisjon

Årets nykommer er lokal TV-sending frå det som skjer på bedehusa i Norheimsund og Øystese.  Laurdag 20. februar kan du få det med deg på direkten!  Det vert direktesending frå Øystese bedehus og opptak med innslag frå barne- og ungdomskor, klubbar og aktivitetar i bedehusa, direktesendt trylling, intervju, solosong, andakt, konkurransar, innsamlingsaksjon til arbeidet på bedehusa m.m.   

Samla heile familien og få med deg sendinga kl. 18.30.  Programmet blir sendt på Facebooksida til Øystese Indremisjon.

VELKOMMEN TIL FELLESSKAP PÅ TVERS AV GENERASJONAR, BYGDER OG NEDSTENGING!  Her vert det noko for alle!

Arr.: ØIM og NIM