Jens-Petter Jørgensen er mest kjent som initiativtakar til og leiar av fornyelsesbevegelsen Oase gjennom 20 år (1977-1997). Helga 15. – 17. mars kjem han til Kvam for å delta på inspirasjonshelg i regi av Øystese Indremisjon. Jørgensen har vore lærar på Høyskolen Staffeldtsgate i 10 år og har undervist i praktisk teologi ved Ansgar Teologiske Høyskole i 15 år. Han har også vore lagssekretær, frikirkepastor i Lørenskog, og journalist i avisa Vårt Land. Jens-Petter Jørgensen har skrive 10-12 bøker om kristen vekst og modning. Han har sin base i Frikirken, men likar å kalle seg ein økumenisk kristen.
Tema for helga er «Mykje godt til gode». Fredag 15. mars kl. 19.00 er det møte i Øystese bedehus, laurdag 16. mars kl. 14.00 er det seminar i Øystese bedehus og sundag 17. mars kl. 17.00 er Jørgensen med på storsamling i Norheimsund bedehus. Velkomen til inspirasjonshelg!
Bedehusbasaren 2013
I år vert basaren fredag 19. april i Norheimsund bedehus. Loddsalet byrjar 8. april. Denne inntekta betyr mykje for at økonomien skal gå i hop, det kostar med både drift, vedlikehald og fornying av bedehuset. Me vonar difor at mange også i år vil slutta opp om basaren med gevinstar – både til hovedtrekning og åresal – og ikkje minst ved å kjøpa loddar når den tid kjem. Ynskjer du å gje pengar til gevinstar kan Solrun Leiren ta imot, eller du kan betala til konto nr. 3530.20.69512 (NIM).
Ungdomskoret klar for ny turne
Fredag 22. februar reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turne. Turen går til Hedmark. Base blir på Grimerud gård like utanfor Hamar. Koret skal halde konsert i Vallset, Hamar, Kongsvinger, Gjøvik og på Grimerud. Årets misjonsprosjekt er Ungdom i Oppdrag sitt arbeid i Constanta, Romania. Turneen vert avslutta onsdag 27. februar. Måndag 4. mars kl. 19.30 er alle velkomen til heimkomekonsert i Norheimsund kyrkje. Ver med å be for koret og turneen!
Årsmelding og årsrekneskap for Norheimsund Indremisjon 2012
Fredag 1. februar var det årsmøte for Norheimsund Indremisjon (NIM) i Norheimsund bedehus. No ligg årsmelding og årsrekneskap for 2012 ute her på bedehusweb.no. Du må logge deg på med passord for å sjå desse. Passordet blir sendt ut til alle medlemmene i NIM på sms i dag.
Klikk her for å lese årsmeldingane.
Beskyttet: Årsmeldingar Norheimsund Indremisjon 2013
Månadens profil – februar 2013
Det er februar og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – februar 2013: Margrete Lid Kjosås. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.