Reingjeringa av Norheimsund bedehus er gjort på dugnad i over 20 år. Mange har vore med heile tida. Nokon har slutta, nye har kome til. I sum har talet gått ned. I dag deler 30 personar på oppgåva. 2 i lag, 2 – 3 timar 2 gonger kvar veke, dvs. med 15 veker mellom kvar gong. Arbeidsmengda varierer etter aktiviteten i bedehuset. Etter at me fekk teppefliser i vår vert det meir støvsuging og mindre mopping, noko som lettar arbeidet. Me er svært takksame for dei som brukar av fritida si til dette arbeidet. Men me ynskjer oss fleire medarbeidarar, slik at det vert litt lenger mellom kvar gong. Dugnadsarbeidet sparer truleg indremisjonen for godt over kr. 100.000 i året, som laget elles måtte skaffa. Har DU høve til å delta i dette dugnadsarbeidet? Ta kontakt med Olav Helleve, tlf. 911 22 640, eller epost: rag-he@online.no
Månadens profil – september 2013
Det er september og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – september 2013: Liv Skutlaberg. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.
Ettermiddagstreff i Øystese
Mitt møte med bedehuset…
«Jeg vet at noen blir glad de gangene jeg kommer, men jeg ser det aldri på dem. De sier det heller ikke til meg. Si det, vis det! For meg blir terskelen høyere og høyere for hver gang jeg er så veldig synlig usynlig!» Dette er henta frå eit brev skrive av ei kvinne i sitt møte med bedehuskulturen. Aktuelt tema for alle forsamlingar! Les brevet og delta i debatt på sambåndet.no.
Aktivitetsklubb treng nye leiarar
Krik Kvam 20 år!
Krik Kvam vart starta sommaren 1993 og feirer 20års-jubileum i 2013. Laurdag 28. september kl. 19.00 inviterer Krik til jubileumsfest i Norheimsund bedehus. På programmet står mellom anna: historiske tilbakeblikk, festtale v/ Arne Opsahl-Engen, musikalske innslag, leikar/ konkurransar, koldtbord (med både varm og kal-kun…) og informasjon om Krik si gjevarteneste. Du som har vore medlem av Krik Kvam ein eller annan gong er spesielt velkomen. Festen er gratis, men det vil bli tatt opp kollekt til Krik. Pga. matservering må me ha påmelding. Meld deg på til Vidar Sangolt (epost: vidar.sangolt@imf.no / tlf.: 92444897) eller Bent Inge Bentsen (epost: bentingebe@hotmail.com / tlf.: 99210126) innan 20. september. Velkomen!
Månadens profil – august 2013
Det er august og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – august 2013: Reidun Kalleklev Grindheim. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.
Storsamling i Norheimsund
Sundag 1. september kl. 17.00 er det klart for haustens fyrste storsamling. Samlinga blir i Norheimsund bedehus. Temaet for samlinga er «Elska og sendt». Hans Thore Løvaas, tidlegare internasjonal leiar i Normisjon kjem. Helga Almenning syng for oss. Det blir barneopplegg og kveldsmat.
Les meir om storsamling her.
Velkomen!
Alphakurs
Ønskjer du å snakka med andre om kristendommen? Alpha-kurset er eit ope kurs over 11 kveldar utarbeidd av Nicky Gumbel, frå Holy Trinity Church i London. Kurset gjev innføring i kva kristen tru er. Kvelden startar med kveldsmat, så kjem ei undervisningsøkt og samtale i grupper. Kursbok og hefte følgjer med. Mange har erfart at opplegget er eit godt møtepunkt for samtale om viktige spørsmål. Midt i kurset vert det arrangert ein weekend i nærområdet. Då kan ein kombinera tur ut i det fri med undervisning, samtale og fellesskap. Kurset startar opp i Øystese over nyttår og vil ha undervisarar frå Kvam og Bergen. Arrangørar er kyrkjer og organisasjonar i Kvam, eit felleskristent tiltak for dei ulike bygdene i Kvam. Kontaktpersonar er: Lisbeth F. Oma, sokneprest Lars Arne Vik, Anne L. Bjelland og Eli S. Tveitane. Meir info kjem seinare…
Oppstart i ungdomskoret
Mandag 26. august startar Norheimsund & Øystese Ungdomskor opp att med øving i Norheimsund bedehus kl. 19.30. Det vert også dette året øving annankvar gong i Norheimsund og Øystese. Semesterplan finn du her. Velkomen til nye og gamle songarar!