Velkomen til årsmøte i Norheimsund Indremisjon fredag 7. februar kl. 18.30. Her kan du lese årsmeldingar for Norheimsund Indremisjon, Husstyret for Norheimsund bedehus, Storsamlinga, Origo Ungdomsklubb, Krik Kvam, Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Junior Ving, samt sjå årsrekneskap og oversikt over kven som stiller til val i år.
Fortsett å lese «Årsmeldingar Norheimsund Indremisjon 2013»
Medlemsbrev for Norheimsund Indremisjon
Her kan du lese medlemsbrevet for januar 2014.
Fortsett å lese «Medlemsbrev for Norheimsund Indremisjon»
Julefest i Øystese
Julekonsert i Norheimsund
Torsdag 5. desember kl. 20.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor julekonsert i Norheimsund bedehus. I tillegg til ungdomskoret deltek vokalgruppa Poco Rubato (Ranveig Bjelland, Åslaug Sætrenes, Nancy Karine Sangolt, Anna Mette Klyve, John-Sindre Sætrenes, Magnus Hisdal, Gaute Klyve) og David Almenning. Billettane kostar kr. 150,- for vaksne og kr. 50,- for barn/student. Velkomen!
Vellukka Rejoice!
Rejoice 2013 blei arrangert helga 8. – 9. november. Nesten hundre ungdommar var samla til møte, konsertar og seminar. Tema var «Glede». Her kan du sjå ein liten videosnutt frå fredagskvelden på Rejoice.
Månadens profil – oktober 2013
Det er oktober og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – oktober 2013: Anne Margrete Vestbøstad. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.
Velkomen til Rejoice 2013!
Klikk her for info, program og påmelding.
Ungdomstur til Helgatun
18. – 20. oktober reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Krik Kvam og Origo ungdomsklubb på tur til Helgatun. På programmet står blant anna bli-kjent-kveld, natursti, uteaktivitetar, bibeltimar, korøving og underhaldningskveld. Påmeldinga har starta. Send epost til vidar.sangolt@imf.no dersom du vil vere med. Her finn du meir info om turen.
Paul Grønseth – konsert på Rejoice
Helga 8. – 9. november arrangerer Origo UNG ellevte utgåve av ungdomskonferansen Rejoice! I år er det Paul Grønseth som skal ha hovudkonserten fredag kveld. Kanskje ikkje navnet er så kjent? Men du har kanskje høyrt songen «Alt til deg», eller «Nåde»? Paul Grønseth er mannen bak mange av dei songane som er mest brukt i moderne bedehussamanheng. Og det blir fantastisk bra! Han har med seg eit band beståande av Bjørnar Sangolt (gitar), Arnt Thyve (synth), Ingve Kjosås (tangentar), Vegard Voldsund (trommer) og Vidar Sangolt (bass). Konserten startar etter kveldsmøtet kl. 22.30. Billettar kostar kr. 150,- og kan kjøpast ved inngangen. Konserten er gratis for dei som har deltakarpass på Rejoice. Les meir om Rejoice her.
Nyoppussa hovudsal i Norheimsund bedehus
No er arbeidet med oppussing av hovudsalen i Norheimsund bedehus stort sett ferdig. Resultatet har vorte svært bra og me har fått mange gode tilbakemeldingar. Hjarteleg takk til alle som har vore med og bidrege på ymse måtar, både praktisk og økonomisk, slik at dette arbeidet kunne gjerast! Her kjem ei lita oversikt over kostnadar med dette arbeidet.