KVA NO?

Brått vart alt omsnudd sist torsdag; skular, barnehagar og enkelte arbeidsplassar vart stengde. Ungdommar kjem heim frå studiestader. Mange har heimkontor anten det er i karantene etter reise eller fordi det vart beste løysing. Alle store arrangement vart brått slutt. AVLYST eller utsett inntil vidare, som er eit tøyeleg omgrep! Litt surrealistisk. Dette har me ikkje prøvd før, men dette kan me sikkert få til! Så, kva no når indremisjonen ikkje kan organisera samlingar for små eller store?
Min første tanke var: Kva kan dette brukast til?
På skulen har me brått lært oss nye verktøy på data for gruppesamling og prat.
Her er nokre forslag:
På www.bedehusweb.no er det litt av kvart å utforska:
– bibelord for dagen
– tilbod om forbøn
– podcast med talar frå Romerbrevet og Efesarbrevet. Her kjem det kanskje meir etter kvart.

For familiar kan det vera aktuelt å laga minisamlingar heime rundt bibelforteljing og bevegelsessongar, evt finna bibelfilmsnuttar på nettet. Chris Duwe har direktesendt «søndagsskule» kvar dag kl. 12.00 (frå komande veke kan det bli kl 13.00, og er anbefalt av Tro og Medier).
Treng nokon noko nytt oppbyggeleg å lesa, kan eg opna i bedehuset ein avtalt dag, slik at folk kan henta i hylla. Berre gje meg beskjed.

Så kan me også bidra for andre som treng det:
Ta ein telefon til dei som sit åleine (eller gå ein tur med to meters avstand?)

Kanskje treng nokon at me handlar for dei?
Og ikkje minst: be for kvarandre, for bygdane våre, landet, verda, dei sjuke og utfordringane som etter kvart kjem også i fattige land som ikkje får hjelpepakkar frå styresmaktene.
Norges kristne råd inviterer til å samlast til felles bøn for folk og land søndag 22. mars. Bli gjerne med på det. Sjå ressursar på https://norgeskristnerad.no/.
Kjøp gjerne «De som så ham – 40 påskebetraktninger» av Jostein Ørum til en god pris på ark.no. Bestill hjemlevering eller klikk&hent i din ARK-butik, eller Haugenbok.no Utruleg flott bok i fastetida!
Til slutt: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! Frå Ef.6

Helsing NIM-styret v/ Eli Tveitane

Fleire avlyste arrangement!

I samsvar med melding frå Kvam herad i dag vedrørande smittefare, ser vi oss diverre nøydde til å avlysa større samlingar i Norheimsund bedehus inntil vidare. Dette gjeld Allesamansamling 15. mars, tysdagsmøte 17. mars, basarkveld 22. mars, og andre tilsvarande samlingar til situasjonen tilseier noko anna.

Vi oppmodar samtidig alle til bøn for land og folk og fordjuping i Guds ord.

Øystese Indremisjon avlyser i første omgang Sundagstreff 22. mars.

Sundagstreff med Gunnar Ferstad 8. mars

Sundag 8. mars kl. 11.00 er det klart for nytt Sundagstreff i Øystese bedehus. Denne gongen får me besøk av rektor ved Bildøy Bibelskule, Gunnar Ferstad. I tillegg kjem ungdomskoret til å syngje og spele for oss. Det blir TREFF barnesamling, kollekt til ungdomskoret og kaffimat etterpå. Ta med ein ven eller tre om møt opp!

Forsamlingskoferanse 7. mars

Laurdag 7. mars vert det på ny Forsamlingskonferanse i Norheimsund bedehus! Me ynskjer å utrusta og styrka dei lokale fellesskapa, laga og bedehusa våre, og inviterer difor alle som er engasjert i lokalt arbeid til Norheimsund denne dagen. I tillegg til fellesøkter med undervisning av Gunnar Ferstad, Marit Hårklau Ådnanes og Johannes Olsen, vert det også lokale innslag der me får høyra om arbeidet i fleire av bygdene. Det vert dessutan ei økt med fokustid der du vel ein av følgjande; barne- og ungdomsarbeid, smågrupper eller medvandring. Vidar Sangolt m.fl. leier i lovsong. Det vert servering av middag. Me håpar og trur at Forsamlingskonferansen kan vera med og utrusta, styrka og inspirera bedehusarbeidet i området. Me gler oss til ein fantastisk dag saman. Pris kr 300,-. Påmelding innan onsdag 4. mars. Klikk her for påmelding. Arrangør er IMS.

Basar for NMS i Norheimsund

Basar for NMS i Norheimsund Velkomen til basar for NMS fredag 13. mars i Norheimsund bedehus. Loddsal frå kl. 18.00. Basaren byrjar kl. 18.30. Andakt ved Johnny Knudsen. Heims musikklag spelar. Åresal og hovedtrekning med mange fine gevinstar. Og sjølvsagt vert det pause med god mat, kaffi og prat. Me får ein gild kveld saman, samtidig som me støttar det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Velkomen til basar, liten og stor! Helsing Norheimsund og Vikøy kvinneforeining for NMS. NB! Du er og velkomen til loddkjøp på butikkar frå torsdag 5. mars.

Nytt styre i Øystese Indremisjon

På årsmøtet til Øystese Indremisjon, fredag 7. februar, vart fylgjande styre valt; Vidar Sangolt (leiar), Sarah-Linn Black, Miriam Sørheim Almeland, Randi Sæleset, Nils Gunnar Oma, Richard Longo, Bent Inge Bentsen, Andreas Ølfarnes og Jakob Haaberg (vara). Me ynskjer det nye styret lukke til!

Nytt styre i Norheimsund Indremisjon

På årsmøtet til Norheimsund Indremisjon, fredag 31. januar, vart fylgjande styre valt; Eli Tveitane (leiar), Tore Skeie, Jakob Bjørke, Solveig Norheim, Åslaug Bjelland Sætrenes, Solveig Lønning Sangolt (1. vara) og Ole Bjørn Kristensen (2. vara). Me ynskjer det nye styret lukke til!

Medlemsmøte: Arbeidet på bedehuset

Onsdag 12. februar kl. 19.30 blir det medlemsmøte for Norheimsund Indremisjon i Norheimsund bedehus. Dette er ein viktig møtestad for å dela tankar om arbeidet og koma med gode innspel til styret. Eli S. Tveitane har kort innleiing (framhald frå årsmøtet). Etterpå blir det samtale rundt småbord om saker frå årsmøtet medlemane ønskjer å snakka vidare om og om sastingsområda foreslått i årsmeldinga. Kva tenkjer me er viktig i tida framover? Det blir enkel servering. Set av kvelden og ver med å gjera fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera! Velkommen til undervisning, mat og prat!

Velkomen til NØUK – basar

Sundag 9. februar kl. 16.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor basar i Norheimsund bedehus. Det vert både boktrekning og åretrekningar. Ungdomskoret syng. Det er mange flotte gevinstar. Ta med vener og familie og kom på basar!