Det vert dugnad i Øystese bedehus onsdag 24. april kl. 17.00 og utover.
Vasking, rydding og meir står på programmet. Vel møtt!
Det vert is og kaffi.

I det siste har representantar for bedehusa både i Øystese og Norheimsund vorte uformelt kontakta av personar i Kvam herad for å sondera om me er villige til å selja bedehusa. I Norheimsund treng heradet meir uteområde til barneskulen. I Øystese er det likevel ikkje aktuelt for heradet å kjøpe bedehuset.
Det er sett ned ein komité som ser på saka. Meir info kjem etter kvart.
NMS-foreninga i Norheimsund ynskjer å støtta Framnesrussen sitt misjonsprosjekt «Ikkje til salgs». Prosjektet jobbar mot menneskehandel i Thailand. I samband med dette blir det misjonsmøte med basar i Norheimsund bedehus fredag 16. februar kl. 19.00. Prosjektleiar Emma Gunvordal blir med. Ho skal fortelje om prosjektet og vise bilete frå turen dei har hatt til Thailand. Heims Musikklag vert med og Johnny Roy Knudsen skal ha andakt. Det blir kaffi og heimebakst før åresalet startar. Håpar mange finn vegen til bedehuset. Vel møtt!
