Oppstart for Shine og Junior Ving

Måndag 27. august startar barnekoret Shine opp att. Shine øver kvar måndag kl. 17.30 – 18.15 i Norheimsund bedehus. Koret er for born i alderen 5 år til og med 4. klasse. Nye og gamle medlemmer er velkomne!
Aktivitetsklubben Junior Ving startar også opp denne dagen. Klubben er for dei i 1. – 4. klasse. Junior Ving har samlingar annankvar måndag kl. 18.00 – 19.30 i Norheimsund bedehus. Velkomen!

Nytt styre i ungdomskoret

Det nye styret i Norheimsund & Øystese Ungdomskor har konstituert seg. Styret for 2012/ 2013 er slik: Ingvild Bjelland (leiar), Simon Undal (nestleiar), Ingvild Kleven (andeleg leiar), Sigmund Vestrheim (miljøansvarleg), Frida Vinge (skrivar) og Gaute Ulltang (pr-sjef). Me ynskjer det nye styret lukke til med nytt korår!

Klart for haustens fyrste storsamling

Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon ynskjer velkomen til storsamling i Øystese bedehus sundag 26. august kl. 17.00. Tema for samlinga er «Jordas største under, – du og eg i det kristne fellesskapet». Lars Arne Vik held andakt. Det vert eige opplegg for borna. Etter samlinga er det kveldsmat for alle i kjellaren. Inviter gjerne med nye på storsamling!

Datoane for haustens storsamlingar finn du her.

Velkomen til møte!

Sundag 19. august kl. 11.00 ynskjer Norheimsund Indremisjon velkomen til haustens fyste sundagsmøte. Det blir tale av Tor Øystein Holm og song av Nancy Karine Sangolt. Velkomen!