Den første bøneinspirasjonshelga var så givande at me er i
gang med planlegging av komande helg, laurdag 28. til søndag 29. januar. Denne gongen er me invitert til Haugen Dalseth, i Herand. Temaet er: TENK DET; BARE BE! Med eit ønskje om å koma saman i bøn og lovsong og inspirera kvarandre, anten me er mange eller få der me bur, inviterer me til denne helga. Me reknar med at det kjem kvinner frå ulike deler av Hardanger og området rundt. Inviter med deg vener og bønepartnerar og kom! Det er lagt opp til overnatting hos Reidun Dalseth og Hardanger Rom og Harmonium. Du kan lesa meir om programmet og påmelding her. PÅMELDINGSFRIST: 15.januar til est@bushsoft.com eller 47308981 Eli S. Tveitane. Velkomen til bøn og fellesskap! Arr. NIM v/Herdis Austevoll, Ragnhild Skeie og Eli Tveitane
Julefest i Norheimsund 4. juledag

Velkomen til å ta med både eigen og vene-familie til skikkeleg julefest
på bedehuset! Du kan sleppa laga eigen middag, men ta med familien til
ei god servering med velsmakande kurdiske rettar. Etter middagen, ca. kl.
17.15, vert det program oppe med andakt ved Eli Tveitane, konkurranse
m.m. og sjølvsagt julesongar med juletregang og ei overrasking til dei
minste til sist! Hugs påmelding innan 27.12 kl. 10.00 på grunn av middagen.
Meld frå om allergiar. Elles kan folk kome rett til festen oppe ca. kl.
17.15. Velkomen til julefest!
Julekonsertar i Øystese bedehus – desember 2022!
Har du finklede til overs?
På julemessa 19. november i Norheimsund bedehus, vil vi i år prøva noko nytt: Sal av brukte finklede og finsko til tida vi snart går inn i. Har du eller nokon du bur med vakse ut av julestasen frå i fjor eller året før…? Eller kanskje har du noko fint som ikke er aktuelt for deg lenger, men som andre kan få gleda av? Då kan du levera det vaska (og helst stroke) til Kristin Vistvik (41 38 29 97) i Norheimsund eller Ingrid Selvik Undal i Vikøy (48 26 56 60) t.o.m. onsdag 16. november. Avtal tid! Torsdag 17. november er vi på bedehuset frå kl. 18.00 – 21.00, så då er det mogeleg å levera klede og sko der og. Inntektene av salet går til NLM, og det vi eventuelt ikkje får seld blir gitt vidare til «Plant et tre» i Øystese. Ta ei opprydning i klesskapet, så gier du noko bra både for deg sjølv og andre!
Link 2022 – Øystese bedehus 4. – 6. november
Helgatun-weekend
18 – 20. november blir det Helgatun-weekend for medlemmer i ungdomskoret og Origo. Det blir eit knallbra program med bibeltimar, aktivitetar, underhalding, korøving m.m. For deg som ikkje går i koret vil det vere alternativt opplegg under korøvingane. Fullstendig program og info om påmelding finn du her. Bli med 🙂 PÅMELDINGSFRIST 14. november!
Trygve Bjerkrheim – kveld i Øystese laurdag 29. oktober!
Diktaren Trygve Bjerkrheim skreiv over 15000 dikt i løpet av si levetid. Dikta hans, og tekstane som har vorte til songar lever i høgste grad den dag i dag i kyrkjer og kristne forsamlingar. Songen «Det er makt i de foldede hender» vart spelt mykje på radio på femtitalet, ønskekonserten, og er dermed ein av dei mest kjende songane som står att.
Stiftinga Trygve Bjerkrheims venner har som hovudoppgåve å forvalta dikta og songane etter Trygve Bjerkrheim. Det vart difor i 2018 gitt ut ei songbok der ein samla ulike songar etter diktaren. Ulike komponistar i Noreg vart utfordra til å laga nye melodiar til både kjende, og mindre kjende tekstar. Songboka heiter «Himmelbru» og inneheld i alt 411 songar – både kjende og mindre kjende.
Laurdag 29. oktober kl. 19.30 arrangerer stiftinga ein songkveld i Øystese bedehus. Her kjem songar frå boka «Himmelbru» til å bli framført, og ein kan kjøpa denne. Styreleiar i stiftinga, Harald Myklebust, kåserer om Bjerkrheim sitt liv og virke. For anledninga vert han også dirigent for mannskoret Laudamus denne kvelden. I tillegg til Laudamus deltek andre ulike lokale krefter både med song og musikk. Det vert òg mykje allsong. Arne Pareli og Ragnhild Nesse kjem som soltistar utanfrå. Søndagen deltek gjengen på søndagsmøtet der Arne O. Øystese talar, også dette på Øystese bedehus.
Ein håpar at folk frå ulike bygder i Kvam og omegn tek turen innom bedehuset i Øystese denne helga!
