«Jesus Revolution» på Kvam kino

Filmen om korleis Jesus-vekkinga sprang ut av hippie-rørsla på slutten av 1960 og endra livet til mange av den unge generasjonen, er vel verd å sjå. Den inspirerer til Jesus-tru og utfordrar det etablerte kristne fellesskapet til å vera rause og opne. Filmen vert vist i ungdomshallen i Norheimsund 22. og 24. september kl. 20.00. Flott om mange går og ser denne filmen, og gjerne tenkjer over kva dette kan bety i sin samanheng. Stort oppmøte er også eit signal på kva film-tilbod mange ønskjer. Billettar kjøper du her: Jesus Revolution – Kvam Kino