Alphakurs i Øystese

Alpha er eit tverrkyrkjeleg kurs som skaper eit rom der folk utforskar livet, trua og meininga saman. Kurset består av 10 tankevekkande samlingar om den kristne trua. (+ ein laurdag) Under samlingane vert det måltid, undervising og samtaler i grupper. Her kan du slappe av, ete god mat, dele dine tankar og utforske meininga med livet. Alphakurset har lav terskel, det er triveleg og me møtes med ulik bakgrunn. Ca. 30 millionar menneske over heile verda har faktisk gått på eit Alphakurs! (les meir på norge.alpha.org/try-alpha/)

• I Øystese bedehus kvar onsdag kl. 19.30-21.30, fram til midten av desember.
• Undervising på engelsk med norsk tekst.
• Er du interessert, meld deg på uforpliktande til infosamling med pizza og dessert onsdag 27. september kl. 19.30-21.30.
• Påmelding: 99257151/ lisbeth.oma@framnes.vgs.no

Arrangør: Hardangernettverket – Salt Bergen