Månadens profil – januar 2012

Det er januar og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – januar 2012: Ingrid Selvik Undal.

Namn: Ingrid Selvik Undal
Alder: 40 (veldig snart 41)
Kjem frå: Bergen, men bur i Vikøy
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: Mann og tre gutar, 18, 10 og 8 år
Jobb: Lærar på barneskulen i Norheimsund
Fritidsengasjement: Er med i Desta misjonsforening og bibelgruppe i Bergen
Bil: Ein god, gammal Volvo 🙂
Favorittfritidsaktivitet: Gå tur, lesa, sjå film, vera i lag med familie og vener
Favorittreisemål: Sør-Frankrike
Favorittartist: Har visst ingen favoritt…
Favorittlag: Brann selvfølgeleg!
Kristent førebilete: Foreldra mine
Favorittbibelvers: Ef. 3, 14-21: «Difor bøyer eg mine kne for Far, han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord. Må han som er så rik på herlegdom, styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande. Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik. Må de saman med alle dei heilage få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå. Må de bli oppfylte med heile Guds fylde! Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus gjennom alle slekter og i alle æver! Amen.»

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Båttur viss sjøen er roleg…
2. NRK eller TV2? NRK
3. Fotball eller film? Film
4. Sommar eller vinter? Varm og solfyllt sommar
5. Vårt Land eller Dagen? Vårt Land
6. Facebook eller Twitter? Facebook
7. Koffert eller bag? Koffert
8. Telt eller hotell? Hotell
9. Taco eller pizza? Ja takk, begge delar!
10. Knekkebrød eller brødskive? Brødskive først, og så eit knekkebrød

Kven vil du utfordre til månadens profil i februar? Øyvind Kleven