Månadens profil – august 2011

Me startar no ein ny serie her på bedehusweb.no, månadens profil. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – august 2011: Lisbeth Hanne Fredheim Oma.

Namn: Lisbeth Hanne Fredheim Oma
Alder: Snart 47
Kjem frå: Myre i Vesterålen
Medlem i: Øystese Indremisjon
Bustad: Børvenes
Familie: 4 barn i alderen 12-23 år
Jobb: Yrkes- og studierådgjevar og lærar på Framnes kvgs
Fritidsengasjement: Leiar i Øystese Indremisjon, leiar i Øystese Skulemusikklag
Bil: Citroën C5
Favorittfritidsaktivitet: Fjellturar, sykling, Facebook og vere sosial saman med vener
Favorittreisemål: Vesterålen
Favorittartist: Koinonia og Sting
Favorittlag: Tromsø
Kristent førebilete: William Carey. Hans slagord var: «Vent store ting fra Gud, våg store ting for Gud!»
Favorittbibelvers: 2. Kor. 5.17: «Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til!»

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Ja takk begge deler. Investerte i seglbåt i fjor, så må oftare ut på fjorden no.
2. NRK eller TV2? NRK
3. Fotball eller film? Film
4. Sommar eller vinter? Sommar
5. Vårt Land eller Dagen? Vårt Land
6. Facebook eller Twitter? Facebook
7. Koffert eller bag? Koffert
8. Telt eller hotell? Begge deler ut fra type tur
9. Taco eller pizza? Pizza
10. Knekkebrød eller brødskive? Knekkebrød

Kven vil du utfordre til månadens profil – september? Arne Kaldestad 🙂