Oppstart for ungdomskoret!

Mandag 26. august startar Norheimsund & Øystese Ungdomskor opp att med øving i Norheimsund bedehus kl. 19.30. Det vert også dette året øving annankvar gong i Norheimsund og Øystese. Semesterplan finn du her. Velkomen til nye og gamle songarar!

Sendefest for familien Klyve

I august 2019 reiser familien Klyve til Kenya. Dei skal vere utsendingar for NLM i Aust-Afrika fram til august 2021. Gaute og Anna Mette skal mellom anna arbeida som lærarar ved den norske skulen i Nairobi. 2. pinsedag (10. juni) kl. 17.00 er alle velkomne til sendefest i Øystese bedehus! Andakt v/ Morten Torsvik. Kaffi og kaker.

Bli med på forsamlingstur til Fitjadalen sundag 26. mai kl. 11.00

Ta med familie og vener og bli med på forsamlingstur! Oppmøte på «Blekeld» i Fitjadalen kl. 11.00. Ta med grillmat, kaffimat og noko å sitja på. Samling med song og andakt. Aktivitetar for store og små. Køyr gjerne i lag på grunn av begrensa kapasitet på parkeringsplass.
Velkomen! Arr.: Øystese Indremisjon og Norheimsund Indremisjon

Sundagstreff med besøk frå Bibelskolen Fjellhaug

5. mai kl. 11.00 er det klart for nytt Sundagstreff i Øystese bedehus. Kontaktlærar på TeFT Utland ved Bibelskolen Fjellhaug, Heidrun Nes, talar. Ei gruppe elevar frå Fjellhaug deltek med vitnesbyrd og misjonsinfo. Det blir som vanleg mykje song og musikk, kollekt, barnesamling og enkel servering etterpå. Velkomen!

NMS-basar

Basaren 15. mars i Norheimsund Bedehus samla mykje folk, og kvinneforeiningane til NMS takkar for ein fin kveld og eit godt program. Takk til Johnny Knudsen og Heims musikklag som gjorde kvelden så fin for oss alle. Det kom inn vel kr. 66.000,- til NMS. Takk til alle som bidrog til det fine resultatet. Helsing kvinneforeiningane i Vikøy og Norheimsund for NMS.