Allesamansamling m/middag i Norheimsund

Det er skulestart og det er tida for å koma i gang med samlingar i Norheimsund bedehus. Inviter medvener og kjende til første samling for heile familien i Norheimsund bedehus søndag 26. august kl. 11.00. Gunnar Ferstad frå IMF vert med oss og talar over temaet: «Tena av nåde» ut frå dagens tekst. «Nåde» vert temaet vårt for samlingane også vidare i haust slik at me kan sjå meir inn i Guds uavgrensa nåde til kvar og ein av oss, og kva det gjer med oss. Barnegruppene SPARKS for 1-4. klasse og CUBBIES for 4-6år kjem i gangno og har samlingar alle søndagar det er møte på føremiddagen. Samlingane for borna inneheld bibelforteljing, song, smågrupper og leiker. Oppstarten vert også markert med felles middag for heile familien i etterkant av samlinga. Denne gongen vert det nydeleg kurdisk mat laga av våre vener frå Syria. Det er påmelding til middag innan fredag 24. kl. 12.00 til tlf. 47308981 (kr. 60,-/ familie kr. 180,-). Inviter med vener, naboar og kom!

Forsamlingstur flytta!

Forsamlingsturen søndag 17. juni blir flytta frå Fitjadalen til Framnes Arena på grunn av dårlege vermeldingar. Oppmøte blir kl. 11.00. Ta med familien og vener og bli med! Samling med song og andakt ved Lillian Skippervik. Leiker for borna i fotballhallen. Ta med kaffimat og drikke. Arr.: NIM og ØIM.

Medlemsmøte: Fellesskap, utrusting og teneste

Tysdag 29. mai kl. 19.30 i Norheimsund bedehus vert det medlemsmøte, ein viktig møtestad for å dela tankar om arbeidet og koma med gode innspel til styret.
Herdis Austevoll skal ha innleiing om Nådegåver og fellesskapet. Korleis kan ein oppdaga kva Gud har gitt oss å tena med i fellesskapet? Kva er viktig for at eit fellesskap kan vera sunt og velfungerande? Vidare vert det samtale rundt småbord om dette og elles erfaringar me har gjort oss denne våren m.o.t. søndagsmøtene, barneopplegg, tysdagsmøter, barne-og ungdomsarbeidet og kva andre arrangement som er viktig for fellesskapet vårt på bedehuset. Kva tenkjer me er viktig i tida framover? Set av kvelden og ver med å gjera fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera! Velkommen til undervisning, mat og prat!

Songkveld i Norheimsund

Ole Abel Sveen og Johnn Hardang har songturné i Sunnholdland og Hardanger i mai. Laurdag 26. mai kl. 19.00 kjem dei til Norheimsund bedehus. Ole Abel Sveen har vore generalsekretær i DVI/ Indremisjonsforbundet og har elles hatt fleire stillingar i ImF. Han er 82 år og er både bestefar og oldefar, han kjem frå Sveio og er busett i Bergen. Han har gjennom heile livet sitt vore skatta – både som talar, sangar og musikar. Johnn R.Hardang har tidligare vore forkynnar i Langesundsfjordens Indremisjonsselskap, lærer ved Indremisjonsselskapets Bibelskole i Oslo, arbeida som lærer, vidare rektor på Bildøy Bibelskole. Frå 2003 arbeider han som Radio og TV- pastor i P7 Kristen Riksradio. Han er 64 år, gift, 5 barn og bur på Knappskog i Fjell kommune. P7 Kristen Riksradio er en kristen mediebedrift med seks ansatte, lokalisert på P7 Mediesenter i Fjell kommune på Sotra. Dei produserer livssynsprogram både for eigne DAB-kanalar og på FM for 25 lokalradioar, til dømes TV-programma God Søndag og Sanger til glede, som vert sende på Frikanalen og Kanal 10 Norge. Slik når dei meir enn 70 prosent av Norges befolkning. P7 støtter Trans World Radios (TWR) internasjonale arbeid i Argentina, Paraguay Venezuela, Hellas, Italia, Spania, Tadjikistan, Nord-Afrika og Midt-Østen.

Vårfest med «Gutta»

Shine, Kvam Soul Children, JuniorVing og T&T inviterer til vårfest i Norheimsund bedehus måndag 7. mai kl. 18.00. Me får besøk av «Gutta», ei gruppe med songglade gutar mellom 8 og 12 år. Shine og Kvam Soul Children syng nokre av songane sine. JuniorVing viser bilete frå året. Det blir óg noko godt å eta. Kollekt. Ope for alle, uansett alder. Ta gjerne med deg nokon!

Treng du litt dugnadshjelp?

Måndag 30. april mellom kl. 17.00 – 21.00 og laurdag 5. mai mellom kl. 10.00 og 16.00. Dugnadsgrupper kan hjelpa til med:
• Hagerydding/trefelling (små tre)
• Mindre målingsarbeid
• Husreingjering
• Transport av møblar og varer til ‘Plant et tre’ eller gjenvinningsstasjonen
Ta kontakt innan måndag. 23. april kl. 16.00, atterhald om nok dugnadsfolk ved stor pågang.
Kontakt: Kari Ljønes Valland (91711230), kalj@frisurf.no, Hans Atle Soldal (97187945), hasoldal@online.no, eller: post@grannehjelpa.no (90122688/ 91366184).

Arr.: Norheimsund indremisjon og Øystese sokneråd i samarbeid med Grannehjelpa

Dugnad i Øystese

Tysdag 22. og onsdag 23. mai blir det dugnad på Øystese bedehus. Det vert aktivitet både dagtid og kveldstid desse dagane. Gje melding til leiar i husstyret, Erland Brennsæter (tlf. 92289768), om kva tid som høver for deg. Av ting som skal gjerast kan nemnast; utvendig måling av vinduskarmar, spyling/ kosting av mose på tak, rensing av takrenner og nedløp, kosting/ rydding rundt huset, rydding og vasking innandørs, m.m. Me håpar mange har høve til å vere med!

Vårdugnad i Norheimsund bedehus

Som i fjor har me sett opp to ettermiddagar til den årlege dugnaden med vasking, rydding og anna som me ynskjer å få gjort. Det blir dugnad tysdag 22. mai og onsdag 23. mai kl. 17.30 – 20.30 med innlagt kaffipause. Me håpar at mange har høve til å vera med! Meld frå til Ole Håland, epost; olehaland@outlook.com eller tlf. 97623246 om kva dag(ar) som passar, men du er velkomen uansett! Vel møtt!