Fast gjevarteneste


Me er takksame for at mange er med i gjevartenesta for ungdomsarbeidet både i Norheimsund og Øystese!

Fast gjevarteneste
– for DEG: hjelp til regelmessig gjevarglede
– for LAGET: lettar planleggjing og gjennomføring
– for GUDS RIKE: byggjing av det ALLER viktigaste

Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon har ei ordning for gjevartenesta gjennom Indremisjonsforbundet (IMF). Fast gjevarteneste er ei ordning der du kan inngå avtale om faste, jamnlege trekk frå konto. Så ofte som du vil og med det beløp du ynskjer. Du kan få skattefrådag for gåver til veldedig formål. Kvar enkelt person kan få 28% frådrag for beløp opptil 40.000,- pr. år. Det tyder at om du til dømes gjev kr. 10.000,- til saman eit år, vil du få kr. 2800,- igjen på skatten! Ved å inngå avtale om fast gjevarteneste får du automatisk tilsendt årsrapport med beløp som du enkelt fører inn i sjølvmeldinga.

For å inngå avtale om fast gjevarteneste må du fylle ut eit skjema (sjå under). På skjemaet kan du sjølv velje betalingshyppighet. Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon anbefaler alle til å velje månadsvis trekk. På den måten har indremisjonsstyra betre oversikt over økonomien. Skjemaet skal sendast til Indremisjonsforbundet, Idrettsvegen 10, 5353 Straume etter utfylling. Eller skann dokumentet og send det til imf@imf.no.
Dersom du ikkje ynskjer å inngå avtale om fast gjevartenste, kan du gje ditt bidrag som enkeltgåve. Betal til NIM eller ØIM sin konto og mark betalinga med «gjevarteneste».

Ved spørsmål om fast gjevarteneste, ta kontakt med økonomiansvarleg i Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon.

Norheimsund Indremisjon:
Økonomiansvarleg: Solveig Norheim, tlf. 99452967 – epost: solnorheim@gmail.com
Kontonummer: 3530.20.31469
Fast gjevarteneste – skjema for NIM

Øystese Indremisjon:
Gjevartenesteansvarleg: Bent Inge Bentsen, tlf. 99210126 – epost: bentingebe@hotmail.com.
Kontonummer: 5277.31.32186
Fast gjevarteneste – skjema for ØIM