Norea-møte i Øystese bedehus 17. november

Norea har sidan starten i 1956 brukt ulike medier til å formidla evangeliet til menneske både i landet vårt og til andre land. Dei siste åra har det vore dei unådde som særleg har stått i fokus for arbeidet. Framleis er over 40 % av verdas 8 milliardar menneske rekna som unådde for evangeliet. Desse bur i land og område som ofte er stengde for tradisjonell misjon. Men der dørene blir stengde, kryp radio- og TV-signala inn gjennom tak og vegger.

Martin Birkedal (biletet) har arbeida i over 30 år i Norea. Han er no pensjonist, men gledar seg over å kunne reisa rundt å ha møte der han talar Guds ord og fortel om det strategiske mediemisjonsarbeidet. Fredag 17. november kl. 19.00 kjem han til Øystese bedehus og du er hjarteleg velkommen! Det blir song av Nancy Karine Sangolt, kollekt til Norea og kaffimat etter møtet.

NLM Julemesse 2023

I år blir det ikkje julemesse på vanleg måte. Men me har fortsatt ein del både hobbyvarer og varer frå misjonsland som me ønsker å selge. Det blir difor ei litt nedskalert julemesse laurdag 18. november. Me startar med sal av varer, samt kafè kl. 15. Det blir òg basar, samt møte ved Egil Sjåstad. Dersom nokon har lyst til å gi ein åregevinst ønsker me at kvar gåve har ein verdi på kr. 100 (-200). Ta i tilfelle kontakt med Turid Nordpoll.