KVA NO?

Brått vart alt omsnudd sist torsdag; skular, barnehagar og enkelte arbeidsplassar vart stengde. Ungdommar kjem heim frå studiestader. Mange har heimkontor anten det er i karantene etter reise eller fordi det vart beste løysing. Alle store arrangement vart brått slutt. AVLYST eller utsett inntil vidare, som er eit tøyeleg omgrep! Litt surrealistisk. Dette har me ikkje prøvd før, men dette kan me sikkert få til! Så, kva no når indremisjonen ikkje kan organisera samlingar for små eller store?
Min første tanke var: Kva kan dette brukast til?
På skulen har me brått lært oss nye verktøy på data for gruppesamling og prat.
Her er nokre forslag:
På www.bedehusweb.no er det litt av kvart å utforska:
– bibelord for dagen
– tilbod om forbøn
– podcast med talar frå Romerbrevet og Efesarbrevet. Her kjem det kanskje meir etter kvart.

For familiar kan det vera aktuelt å laga minisamlingar heime rundt bibelforteljing og bevegelsessongar, evt finna bibelfilmsnuttar på nettet. Chris Duwe har direktesendt «søndagsskule» kvar dag kl. 12.00 (frå komande veke kan det bli kl 13.00, og er anbefalt av Tro og Medier).
Treng nokon noko nytt oppbyggeleg å lesa, kan eg opna i bedehuset ein avtalt dag, slik at folk kan henta i hylla. Berre gje meg beskjed.

Så kan me også bidra for andre som treng det:
Ta ein telefon til dei som sit åleine (eller gå ein tur med to meters avstand?)

Kanskje treng nokon at me handlar for dei?
Og ikkje minst: be for kvarandre, for bygdane våre, landet, verda, dei sjuke og utfordringane som etter kvart kjem også i fattige land som ikkje får hjelpepakkar frå styresmaktene.
Norges kristne råd inviterer til å samlast til felles bøn for folk og land søndag 22. mars. Bli gjerne med på det. Sjå ressursar på https://norgeskristnerad.no/.
Kjøp gjerne «De som så ham – 40 påskebetraktninger» av Jostein Ørum til en god pris på ark.no. Bestill hjemlevering eller klikk&hent i din ARK-butik, eller Haugenbok.no Utruleg flott bok i fastetida!
Til slutt: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! Frå Ef.6

Helsing NIM-styret v/ Eli Tveitane