Månadens profil – oktober 2012

Det er oktober og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – oktober 2012: Anna Mette Hals Klyve.


Namn: Anna Mette Hals Klyve
Alder: 36
Kjem frå: Ålvundfjord på Nordmøre, den vakraste bygda du kan tenkje deg.Medlem i: Øystese Indremisjon
Familie: Gaute-mann, to døtre, ein son, søsken, tantebarn, tanter og onklar og søskenbarn i fleng…osv. Eg er visst rik.
Jobb: Ja, eg lurar og litt på det…. Kan vel ikkje kalle meg husmor heller…. Utviklingskonsulent, høyrest det bra ut? Eller logistikk-ansvarleg…
Fritidsengasjement: Ungane våre, og litt andre sine ungar…
Bil: Volvo
Favorittfritidsaktivitet: Plante, plukke, luke… saman med femåringen vår t.d. Eller helst fjelltur med Gaute og ungane. Gjerne for å leite etter bortkomne sauer og lam.
Favorittlag: Eg meiner eg kan heie på Rosenborg OG Brann. Alle i heimen er ikkje einige i det, og må eg velge blir det Rosenborg. Sjølvsagt. Fordi oldefaren min klatra opp og festa spiret på toppen av Nidarosdomen.
Favorittreisemål: Nordmørsfjella, spesielt Trollheimen.
Favorittartist: Veit ikkje heilt, men favoritt-komponist er John Rutter.
Favorittsalme: O Jesus åpne du mitt øye. Den minner meg på alt eg verkeleg har.
Favorittbibelvers: Salme 27,1 eller Joh 1.12 eller salme 103? Det fantastiske med Gud og bibelen er jo at tekster og vers kan koma som ei konkret helsing frå Far vår i Himmelen. Det verset eg treng, akkurat når eg treng det. Sist var det Apgj kap 27, vers 15 og vers 22.
Kristent førebilete: Mor. Kari heitte ho. Og bestefar Hallgrim.

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Fjelltur
2. NRK eller TV2? NRK kanskje?
3. Fotball eller film? Film, men den må ikkje vera skumlare enn ein fotballkamp…, men treng ikkje vera like kjedelig…
4. Sommar eller vinter? Skikkelig sommar om sommaren og ordentlig vinter om vinteren.
5. Vårt Land eller Dagen? Har avvist alle aviser…
6. Facebook eller Twitter? Facebook
7. Koffert eller bag? Koffert
8. Telt eller hotell? Telt er idealet, men altfor lenge sidan.
9. Taco eller pizza? Pizza. Min eigen heimelaga glutenfrie. Den er god den!
10. Knekkebrød eller brødskive? Det eg ikkje åt sist, kanskje… men helst ei varm suppe med potetflatbrød.

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Helga Almenning