Laurdag 22. november vert det julemesse i Norheimsund bedehus. Det blir sal av julebakst og matvarer av mange slag, samt og husflids- og hobbyvarer. Kafeen i kjellaren er open heile dagen. Her kan du kjøpe bl.a. gode rundstykke, festkaker og kaffi. Sal av graut frå ca kl. 13.00. Overskotet frå julemessa går til NLM sitt arbeid i Noreg, Afrika, Asia og Sør-Amerika. I år støttar Julemessa spesielt prosjektet ”Redusering av mor-barn-dødelighet” i Etiopia.
Programmet for dagen ser slik ut:
Kl. 10.00: Julemessa opnar
Kl. 11.30: Åresal
Kl. 12.00: Misjonssamling. Orientering om prosjektet
Kl. 13.00: Salet held fram
Kl. 14.30: Familiesamling m/ åresal og hovudtrekning (barnekoret Shine syng)
Etiopia-misjonær Kjell Håland blir med på samlingane.
Arrangør er Norheimsund, Tørvikbygd og Øystese Misjonssamband (NLM)
Velkomen til julemesse!







Alpha er tverrkyrkjeleg. Kurset vert arrangert over heile verda av dei fleste kristne kyrkjer. Over 16 millionar på verdsbasis har gått kurset. I Noreg har kurset hatt over 150.000 deltakarar. No kan du få vere med på Alphakurs i Øystese bedehus. Onsdag 3. september kl. 19.00 vert du invitert til middag i bedehuskjellaren i Øystese. Der får du meir info om Alphakurset. Klikk 

