Velkomen til basar for NMS fredag 4. mars i Norheimsund bedehus. Loddsal frå kl. 18.00. Basaren byrjar kl. 18.30. Andakt ved Johnny Knudsen. Heims musikklag spelar. Åresal og hovedtrekning med mange fine gevinstar. Og sjølvsagt vert det pause med god mat, kaffi og prat. Me får ein gild kveld saman, samtidig som me får gi ei gåve
til det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Velkomen til basar, liten og stor! Helsing Norheimsund og Vikøy kvinneforeining for NMS.
NB! Du er og velkomen til loddkjøp på REMA 1000 torsdag – laurdag i veke 8, og på Coop Prix måndag – fredag i veke 9.

25. – 29. mai blir det møteveke med Marit Stokken og Arne Pareli Pedersen (ImF) i Norheimsund bedehus. Det blir møte kvar kveld onsdag – sundag kl. 19.30. Meir info kjem seinare. Alle er velkomne!
Torsdag 11. februar kl. 19.30 blir det møte med Sarepta i Øystese bedehus. Tidlegare Bolivia-misjonær og forkynnar/ regionsleiar i NLM, Hans Bergane kjem og held tale. Han vil og ha litt info om organisasjonen Sarepta. På heimesida www.misarepta.no står det: Misjon Sarepta ble stiftet 24.05.2014. Det er en forening som skal arbeide for at stadig flere mennesker, både lokalt og på verdensvid basis, kan få møte Jesus Kristus til frelse og nytt liv, og ledes inn i Guds Ord. Sarepta vil ha base i Norge, samtidig som det vil være et særlig fokus på Sør-Europa og Nord-Afrika. Alle er velkomne!
Velkomen til årsmøte fredag 5. februar kl 19.00 i Norheimsund bedehus. Det vert vanlege årsmøtesaker, samt informasjon om kjøkenarbeidet. Me vil også ha ein samtaledel der me snakkar om sundags-føremiddagsmøtene. Me ynskjer bidrag frå medlemmene til korleis me kan utvikla desse møtene. Me oppmodar alle medlemmer til å kome på årsmøtet. Det er ein fin moglegheit til å sei di meining, og høyre kva andre tenkjer. – Styret i NIM –
Timeout er ein aktivitetsklubb for alle som går i 5.-7. klasse. Samlingane er i kjellaren på Norheimsund bedehus tysdagar kl. 17.30 – 19.00 og inneheld aktivitetsgrupper, andakt og mat. Datoar for våren er: 26. januar, 9. februar, 23. februar, 8. mars, 5. april, 19. april og 3. mai. Velkomen!
Heilage tre kongars-fest for heile familien! Måndag 4. januar i Norheimsund bedehus. Fleksi middag frå kl. 16.30; påmelding til 41570857. Program frå kl. 17.30, gratis inngang! Musikk ved blant andre Shine og ei jentegruppe, andakt v. Anne Merethe F. Vik, kaffistund med godtepose til borna. Ta med julekakerestar til felles kakebord. Kvelden vert avslutta med juletregang. Både store og små er velkomne!
Søndag 20. desember kl. 11.00 blir det adventsamling i Norheimsund bedehus. På programmet står blant anna andakt frå foross.no og song av Isolde Holt Holene. Me syng advent- og julesongar saman, mellom anna frå julekantaten «Den store kongen». Vel møtt! Arr.: Norheimsund Misjonssamband.
