Klart for bedehusbasar

bedehus-002dFredag 19. april kl. 18.30 vert det basar i Norheimsund bedehus. Inntektene frå basaren går til drift og vedlikehald av bedehuset. Flotte gevinstar vert lodda ut, bl.a. iPad, hekla sengeteppe, Hardangerbestikk, tresnitt, festdrakter, husflidvarer m.m. Det blir andakt ved Herdis Austevoll og song av Nancy Karine Sangolt. Andre stikkord er åresal, hovudtrekning, kaffi og kaker. Det vert loddsal i bedehuset frå kl. 18.00. Alle er velkomne!

Inspirasjonshelg 15. – 17. mars

jpjJens-Petter Jørgensen er mest kjent som initiativtakar til og leiar av fornyelsesbevegelsen Oase gjennom 20 år (1977-1997). Helga 15. – 17. mars kjem han til Kvam for å delta på inspirasjonshelg i regi av Øystese Indremisjon. Jørgensen har vore lærar på Høyskolen Staffeldtsgate i 10 år og har undervist i praktisk teologi ved Ansgar Teologiske Høyskole i 15 år. Han har også vore lagssekretær, frikirkepastor i Lørenskog, og journalist i avisa Vårt Land. Jens-Petter Jørgensen har skrive 10-12 bøker om kristen vekst og modning. Han har sin base i Frikirken, men likar å kalle seg ein økumenisk kristen.
Tema for helga er «Mykje godt til gode». Fredag 15. mars kl. 19.00 er det møte i Øystese bedehus, laurdag 16. mars kl. 14.00 er det seminar i Øystese bedehus og sundag 17. mars kl. 17.00 er Jørgensen med på storsamling i Norheimsund bedehus. Velkomen til inspirasjonshelg!

Bedehusbasaren 2013

basar 001I år vert basaren fredag 19. april i Norheimsund bedehus. Loddsalet byrjar 8. april. Denne inntekta betyr mykje for at økonomien skal gå i hop, det kostar med både drift, vedlikehald og fornying av bedehuset. Me vonar difor at mange også i år vil slutta opp om basaren med gevinstar – både til hovedtrekning og åresal – og ikkje minst ved å kjøpa loddar når den tid kjem. Ynskjer du å gje pengar til gevinstar kan Solrun Leiren ta imot, eller du kan betala til konto nr. 3530.20.69512 (NIM).

 

Ungdomskoret klar for ny turne

kor 2013 webFredag 22. februar reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor på turne. Turen går til Hedmark. Base blir på Grimerud gård like utanfor Hamar. Koret skal halde konsert i Vallset, Hamar, Kongsvinger, Gjøvik og på Grimerud. Årets misjonsprosjekt er Ungdom i Oppdrag sitt arbeid i Constanta, Romania. Turneen vert avslutta onsdag 27. februar. Måndag 4. mars kl. 19.30 er alle velkomen til heimkomekonsert i Norheimsund kyrkje. Ver med å be for koret og turneen!

Årsmelding og årsrekneskap for Norheimsund Indremisjon 2012

Norheimsund IndremisjonFredag 1. februar var det årsmøte for Norheimsund Indremisjon (NIM) i Norheimsund bedehus. No ligg årsmelding og årsrekneskap for 2012 ute her på bedehusweb.no. Du må logge deg på med passord for å sjå desse. Passordet blir sendt ut til alle medlemmene i NIM på sms i dag.

Klikk her for å lese årsmeldingane.

Gospelnight 8. februar

gospelnightplakat2013Fredag 8. februar kl. 20.00 inviterer Origo til GOSPELNIGHT i Norheimsund bedehus. Me får besøk frå Ungdom i Oppdrag Romania. Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek. Etterpå blir det kafe! Alle er velkomne!