Sundag 22. september kl. 11.00 er det klart for nytt Sundagstreff i Øystese bedehus. Denne gongen er det Tor Ingvald Lauvrak frå ImF som kjem på besøk. Som vanleg blir det mykje song og musikk i samlinga. Barnelaget TREFF har barnesamling i kjellaren. Kaffimat etter møtet. Velkomen!
Dugnad i Norheimsund bedehus

No er vinduene skiftet, og vi er klar for den årlige dugnaden i bedehuset. Har satt av onsdag 25. og torsdag 26. september kl. 17.30 – 20.30 med innlagt kaffipause. Me håpar at mange har høve til å vera med! Meld frå til Ole Håland, epost; olehaland@gmail.com/ tlf. 97623246 om kva dag(ar) som passar, men du er velkomen uansett! Vel møtt!
IMS inviterer til KRAFT-helg på Stord 27. – 29. september
KRAFT-helga i Leirvik bedehus og består av varierte samankomstar. Det startar med Go`fredag – festkveld med smil og alvor. Dette er ein kveld du litt lettare også skal kunna invitera med deg bedehus- og kyrkjeframande. Laurdag startar med teneste- og leiarkonferanse. Om kvelden vert det «Vi møtest». Søndag vert det lokale møte. Påmelding og meir info her.
Velkomen til Sundagstreff!
Forsamlingsweekend for NIM på Wallemtunet
20. – 22. september blir det forsamlingsweekend for Norheimsund Indremisjon på Wallemtunet. Håkon og Rakel Kalvenes og Marta og Fredrik Gravdal blir med. Program for store og små, aktivitetar ute og inne.
Barnefamiliar og andre som treng det får prioritet på overnattingsromma.
Det er mogleg å overnatte heime, men vera med på opplegget. Me gler oss til kjekke dagar i vår vakre fjellheim! Påmeldingsfrist: 1. september.
Send påmelding til Eli S. Tveitane – est@bushsoft.com (tlf. 47308981).
Program og info.
Velkommen til å bli med oss på tur! NIM-styret.
Barnekoret Shine
Kvam Soul Children

Nytt frå Palu
Oppdatering frå Daniel Gammelsæter:
Livet vårt i Palu handler i all hovedsak om å være til hjelp og oppmuntring for de troende fra Wana folkegruppen. Menigheten i Wana ble plantet/startet tilbake på 80 tallet og har opplevd mye vekst. Fortsett å lese «Nytt frå Palu»
Bønemøte i Øystese
Øystese Indremisjon startar no opp med bønemøte annankvar tysdag kl. 18.30 i småsalen i Øystese bedehus. Samlingane blir i alle partalsveker og startar tysdag 20. august. Her samlast me i bøn for bygdene våre, spesielle emne og for kvarandre. Vidar Stensletten Eik leier samlingane. Dersom du har spesielle bøneemne og ikkje kan møte, send ein SMS til han på tlf. 47632506. Velkomen til alle som vil 🙂 Datoar for hausten er: 20.08, 03.09, 17.09, 01.10, 15.10, 29.10, 12.11, 26.11 og 10.12.
Tru & Trening
Velkommen til nytt semester i T&T (Tru & Trening)! Samlingane i haust blir om lag annankvar tysdag kl. 18.15 – 19.30 i bedehuskjellaren. Dette blir då etter at Kvam Soul Children har hatt si øving. Me startar med litt leike-aktivitetar, har andakt og smågrupper. Datoane for T&T blir som følgjande: 27.august, 10.september, 24. september, 1. oktober, 15. oktober, 29.oktober, 12.november, 26.november og 3. desember. Årsavgift kr. 150,- kan betalast inn på kontonummer 3530.20.63050. Deltakarane får ei handbok med kapittel som høyrer til andaktane der ein kan lesa, gjera oppgåver og øva på bibelvers. Gjerne saman med ein vaksen heime. Boka er fin å ha med på samlingane. Velkomne! Helsing leiarane; Kjell, Geir Johnny, Hans og Mirjam.