NIM Medlemsbrev april 2020

KOM SAMAN I 5-ar GRUPPER, DEL BIBEL OG LIV SAMAN!

Korleis kan denne våren/dette året verta for oss som forsamling når me ikkje kan møtast slik me plar gjera?   Det var eitt av tema som vart drøfta på sist NIM styremøte.  «Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dykk» (Matt. 18.20)   Det er eit løfte for fellesskapet som me faktisk kan praktisera med dei restriksjonar smittverntiltaka set for oss no.  Så me vil oppmoda alle om å finna saman i små bibel- eller husgrupper for å lesa i Bibelen i lag, samtala om kva teksten betyr og kva det kan bety for oss i dag samt be i lag.  Gjer det heilt enkelt!  Det er fint å bruka søndagens tekst.  Så har https://k-stud.no/materials/materiell/  mange tilbod om Bibelstudie-opplegg dei støttar.  Mange aktuelle bøker er alt godkjende for kurs (https://minekurs.studieplaner.no/k-stud/nyttkurs/studieplan.aspx ), men det er viktig å melda seg inn og få førstegodkjent søknad FØR ein set i gang. 

FAMILIEGRUPPE

I familiegruppa vår samlast me på teams (internett).  Då sit me heime kvar familie i stova si, men har samling med bibelforteljing, rørslesongar og felles bøn.  Serveringa syt me for sjølv.  Det går veldig fint å halda kontakten på denne måten! 

I BEDEHUSET

Førebels er avgrensing at 5 kan møtast, men sjølvsagt skal reglar om 2m avstand inne og minst mogleg direkte kontakt, haldast.   Styret opnar bedehuset som møteplass for mindre grupper (og med alle forhaldsreglar ivaretekne).  Dette er klarert med ansvarlege kommunen.  Finn saman i grupper på 5.  Tenk på om de er nokon de spesielt skal hugse på å få med.  Om de vil bruka bedehuset som samlingsplass, meld dykk på til Tore Skeie, trskeie krøllalfa gmail punktum com eller mob.nr.(finn du på gulesider.no)  Ein i gruppa gjev opp namn, mobil og mailadresse.  Kom med forslag om dag og tidspunkt.  Det vil verta sett fram håndsprit og enkelt vaskeutstyr, slik at gruppa tørkar av dørhåndtak og flater på bord og stol-armlen før de går.  Kjøkkenet skal ikkje nyttast.  

VER KREATIVE OG HALD KONTAKTEN MED KVARANDRE!

God vår!

Helsing NIM styret v/ Eli S. Tveitane

Familietreff

NIM skulle hatt ei samling med barnekora 19. april, men alt vart avlyst.  Eit godt alternativ er å sjå familietreff hos familien Olsen (gjekk live onsdag 15.april kl 18.00).

https://www.facebook.com/Indremisjonssamskipnaden/videos/573214329959766/

eller på www.indremisjonssamskipnaden.no

Dei vil nok koma med nye sendingar, så følg med.

Kanskje nokon kan tenkja seg å vera med å bidra til digitale møter her lokalt?  Øystese Indremisjon har utstyr rigga opp i bedehuset i Øystese, dei er opne for at andre kan vera med og bidra.  Sei frå til meg eller ta direkte kontakt med Vidar Sangolt.

Helsing NIM styret v/ Eli Tveitane

Påskeinfo frå NIM og ØIM

Alle møte og arrangement i Norheimsund bedehus og Øystese bedehus er avlyste på ubestemt tid pga. Covid-19. I går kom dei nye tiltaka om at arrangement som ikkje kan ivareta kravet om to meters avstand og grupper på maks fem personar, vil vere forbudt til og med 15. juni. Dette betyr at det blir liten aktivitet i bedehusa våre no i vår.

Fleire kyrkjer og bedehus tilbyr digitale sendingar dei neste dagane. Øystese Indremisjon sender «Påsketreff» frå Øystese bedehus skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag, alle dagar kl. 11.00 på facebook og YouTube.

IMS har samla nokre ressursar du kan ha nytte av. Sjå her.

Ellers kan me anbefale påskealbumet til vårt eige ungdomskor. Det finn du på YouTube, Tidal eller Spotify.

Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon ynskjer alle ei velsigna påskehøgtid!

Påskehelsing frå Norheimsund Indremisjon

Underlege veker! Bygder og byar er meir eller mindre nedstengde. Smittevernreglane skal hindra i at Korona-smitten breier seg. Det er fint! Men korleis har me det når alt vert annleis? Det sosiale livet vert sterkt redusert både for deg og meg, og for dei som bur på institusjonar. Heldigvis gjev telefonen og andre kommunikasjonsformer oss høve til å halda kontakten. Les påskehelsing frå Norheimsund Indremisjon her.

Ny podcast på bedehusweb.no

Bedehusweb.no har fått ny podcast. Vegen til denne finn du i hovudmenyen. Her vil det bli lagt ut ulike opptak av talar frå møta i Norheimsund bedehus og Øystese bedehus. Først ut er Ole Bjørn Kristensen sine 40 opplesingar frå boka «De som så Ham» av Jostein Ørum. Dette er god påskelytting! Den gamle podcasten finn du framleis i menyen til høgre. God lytting 🙂