Medlemsmøte i NIM

Tysdag 15. juni kl. 20.00 – 21.00 i Norheimsund bedehus

Medlemsmøte er ein viktig møtestad for å dela tankar om arbeidet og koma med gode innspel til styret.  Denne gongen vert det:

  • Informasjon om tilsetting av barne- og ungdomsarbeider for ØIM og NIM
  • Visjon for Norheimsund indremisjon
  • Ein kopp kaffi/te

Set av kvelden og ver med å gjera fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera!  Velkommen til orientering, samtale og ein kopp kaffi!

Sundagstreff i Fitjadalen 6. juni kl. 15.00 – NB! oppdatert!

Ta med familie og vener og bli med på utandørs Sundagstreff på heradet sitt friluftsområde Blekeld i Fitjadalen sundag 6. juni kl. 15.00. Ta med det du vil ha av saltmat, søtmat og noko å sitja på. På grunn av forbod mot eld, blir det ikkje grilling. Program: Matøkt, andakt v/ Randi Sæleset, natursti og aktivitetar for store og små. Velkomen! Arr.: Øystese Indremisjon

Sundagstreff i Øystese 1. pinsedag

Velkomen til Sundagstreff i Øystese bedehus 1. pinsedag, 23. mai kl. 11.00. Me får besøk av forsamlingsleiar i Voss Indremisjon, Knut Kvamme. Ei lita gruppe frå ungdomskoret er med som forsongarar. Det blir TREFF barnesamling. Dersom du er sjuk eller har symptom, er du velkomen ein annan dag! Hugs god avstand 😉

Sundagstreff 25. april

25. april kl. 11.00 er du velkomen til Sundagstreff i Øystese bedehus. Julie og Jakob Haaberg har regien. Dette blir ei fellessamling for alle. Kollekt til ØIM. Er du sjuk eller har symptom, må du halde deg heime. Hugs god avstand 🙂