Alphakurs i Øystese

Alpha er eit tverrkyrkjeleg kurs som skaper eit rom der folk utforskar livet, trua og meininga saman. Kurset består av 10 tankevekkande samlingar om den kristne trua. (+ ein laurdag) Under samlingane vert det måltid, undervising og samtaler i grupper. Her kan du slappe av, ete god mat, dele dine tankar og utforske meininga med livet. Alphakurset har lav terskel, det er triveleg og me møtes med ulik bakgrunn. Ca. 30 millionar menneske over heile verda har faktisk gått på eit Alphakurs! (les meir på norge.alpha.org/try-alpha/)

• I Øystese bedehus kvar onsdag kl. 19.30-21.30, fram til midten av desember.
• Undervising på engelsk med norsk tekst.
• Er du interessert, meld deg på uforpliktande til infosamling med pizza og dessert onsdag 27. september kl. 19.30-21.30.
• Påmelding: 99257151/ lisbeth.oma@framnes.vgs.no

Arrangør: Hardangernettverket – Salt Bergen

«Jesus Revolution» på Kvam kino

Filmen om korleis Jesus-vekkinga sprang ut av hippie-rørsla på slutten av 1960 og endra livet til mange av den unge generasjonen, er vel verd å sjå. Den inspirerer til Jesus-tru og utfordrar det etablerte kristne fellesskapet til å vera rause og opne. Filmen vert vist i ungdomshallen i Norheimsund 22. og 24. september kl. 20.00. Flott om mange går og ser denne filmen, og gjerne tenkjer over kva dette kan bety i sin samanheng. Stort oppmøte er også eit signal på kva film-tilbod mange ønskjer. Billettar kjøper du her: Jesus Revolution – Kvam Kino

Krik Kvam har starta opp igjen!

Fredag 8. september starta Krik Kvam opp med treningar igjen – etter fleire års dvale! Nytt styre beståande av ungdommar er etablert og Norheimsund idrettshall er booka. Det vert trening kvar fredag kl. 17.30 – 19.00. Alle frå 8. klasse og oppover er velkomne! Ta med treningsklede, innesko og bli med 😊.

Origo 01.09

Origo er tilbake etter sommerferie! Det blir tacofredag og grip mikrofonen fredag kl. 19.30 i Øystese bedehus. Vi gleder oss til en ny høst på Origo!

Origo – 20 års jumileum

I år det det 20 år siden Origo ble opprettet! Det må selvfølgelig markeres.

Fredag 29. september blir det bursdagsfest i Norheimsund bedehus kl. 19.30-22.30 for alle i 8.kl- 3.vgs. Det blir ordentlig bursdag med hotdog, muffins og popcorn. Bursdagsleker blir det også.

Lørdag 30.september blir den store markeringen hvor alle er velkommen til å bli med!

Velkommen til Øystese bedehus kl. 19.00 for Origos historie, sofaprat, musikalsk innslag med NØUK og bursdagskake. Festen fortsetter i ungdomslokalet med kafé, sosialt og leker. Vi håper både unge og eldre origo venner vil komme å feire jubileet sammen med oss!

Velkommen!