Tysdag 13. november inviterer Norheimsund Indremisjon til medlemsmøte i Norheimsund bedehus kl. 19.00. Husstyret orienterer om planar for oppussing av hovudsal. Velkomen!
Rejoice 2012
Origo UNG ynskjer velkomen til tiande utgåve av Rejoice! Ungdomskonferansen vert arrangert i Norheimsund bedehus 2. – 4. november. Over hundre deltakarar var samla i fjor – me håpar å samle endå fleire i år! Velkomen til møte, konsertar, lovsong, bøn, seminar og fellesskap i Norheimsund bedehus! Tema for Rejoice 2012 er «Restart». Talar er, i år som i fjor, Tor Ingvald Lauvrak (biletet) frå ImF. Du kan lade opp til årets Rejoice med å høyre opptak av talane frå fjorårets utgåve i podcasten vår. Seminarhaldar er Emil Andre Erstad. Det blir konsert med koret Redeemed frå Bergen fredag og ein lovsongskonsert med ulike aktørar laurdag. Klikk her for meir info, program og påmelding. Velkomen til Rejoice 2012!
Månadens profil – oktober 2012
Det er oktober og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – oktober 2012: Anna Mette Hals Klyve.
Seminar om forbønstenesta
Korleis kan me samordna engasjementet vårt til ei teneste der med styrkjer kvarandre og det kan verta til hjelp for andre som treng den tenesta? Karen Midttun er sjukepleiar, tidlegare misjonær i Bangladesh. Ho har vore med og bygd opp forbønstenesta i IMI-kyrkja i Stavanger. Ho vil vera med og dela litt av deira erfaringar i prosessen med å byggja opp forbønstenesta lokalt og vil lytta og tenkja høgt med oss i prosessen vår. Sjølvsagt vert det tid til bøn for og med kvarandre. Det vert seminar fredag 19. oktober kl 19.30 – 22.00 og laurdag 20.oktober kl. 9.30 – 12.30 i Norheimsund bedehus. Alle er velkomne! Arrangør er Storsamlinga (Norheimsund indremisjon og Øystese Indremisjon).
Ungdomsweekend til Helgatun
18. – 20. oktober reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Krik Kvam og Origo ungdomsklubb på tur til Helgatun. På programmet står blant anna bli-kjent-kveld, natursti, uteaktivitetar, bibeltimar, korøving og underhaldningskveld. Påmeldinga har starta. Send epost til vidar.sangolt@imf.no dersom du vil vere med. Her finn du meir info om turen.
Månadens profil – september 2012
Det er september og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – september 2012: Mirjam Eide Gravdal.
Fortsett å lese «Månadens profil – september 2012»
Oppstart i Origo ungdomsklubb
Nye utleigetakstar for Norheimsund bedehus
Styret i Norheimsund Indremisjon har vedteke nye utleigetakstar for Norheimsund bedehus. Det nye takstane finn du her.
Nytt år for NØUK
Måndag 27. august startar Norheimsund & Øystese Ungdomskor opp med øving i Norheimsund bedehus kl. 19.30. Nye og gamle medlemmer er hjarteleg velkomne! Følg NØUK på Facebook.
Oppstart for Shine og Junior Ving
Måndag 27. august startar barnekoret Shine opp att. Shine øver kvar måndag kl. 17.30 – 18.15 i Norheimsund bedehus. Koret er for born i alderen 5 år til og med 4. klasse. Nye og gamle medlemmer er velkomne!
Aktivitetsklubben Junior Ving startar også opp denne dagen. Klubben er for dei i 1. – 4. klasse. Junior Ving har samlingar annankvar måndag kl. 18.00 – 19.30 i Norheimsund bedehus. Velkomen!