Fint overskot for julemessa!

NLM_2-RGBJulemessa i Norheimsund fekk inn kr. 181.000 brutto, fordelt på kr. 38.000 på loddsal før messa og kr. 143.000 på julemessedagen. Takk til alle som støtta misjonssambandet sitt arbeid, m.a. i prosjektet «Redusere mor-barn-dødelegheit i Etiopia».

Julemesse

NLM_2-RGBLaurdag 22. november vert det julemesse i Norheimsund bedehus. Det blir sal av julebakst og matvarer av mange slag, samt og husflids- og hobbyvarer. Kafeen i kjellaren er open heile dagen. Her kan du kjøpe bl.a. gode rundstykke, festkaker og kaffi. Sal av graut frå ca kl. 13.00. Overskotet frå julemessa går til NLM sitt arbeid i Noreg, Afrika, Asia og Sør-Amerika. I år støttar Julemessa spesielt prosjektet ”Redusering av mor-barn-dødelighet” i Etiopia.

Programmet for dagen ser slik ut:
Kl. 10.00: Julemessa opnar
Kl. 11.30: Åresal
Kl. 12.00: Misjonssamling. Orientering om prosjektet
Kl. 13.00: Salet held fram
Kl. 14.30: Familiesamling m/ åresal og hovudtrekning (barnekoret Shine syng)

Etiopia-misjonær Kjell Håland blir med på samlingane.
Arrangør er Norheimsund, Tørvikbygd og Øystese Misjonssamband (NLM)

Velkomen til julemesse!

Rejoice 6. – 8. november

plakat rj14Origo UNG ynskjer velkomen til tolvte utgåve av Rejoice! Ungdomskonferansen vert arrangert i Norheimsund bedehus 6. – 8. november. Velkomen til møte, konsertar, lovsong, bøn, seminar og fellesskap i Norheimsund bedehus! Årets talarar er Lars Magne Ådnanes (IMS), Linda Aase (IMS) og Lisbeth Fredheim Oma.

Gospel Bergen kjem til Rejoice!
Gospel Bergen kjem til Rejoice!
Fredag blir det konsert med Gospel Bergen og laurdag blir det lovsongskonsert med ulike aktørar. Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek på nokre av møta.
Klikk her for program, info og påmelding. Velkomen til Rejoice 2014!

Songmøte

bedehus-002d1Tysdag 28. oktober kl. 19.30 vert det songmøte i Norheimsund bedehus. Me får høyra om bakgrunnen for nokre av våre kjente bedehussongar, og me skal synga dei saman. Det blir songar frå Noreg, Sverige, Afrika, Amerika og Israel. Andakt av Johnny R. Knudsen. Velkomen!

Ungdomsweekend på Helgatun 17. – 19. oktober

17. – 19. oktober reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Krik Kvam og Origo ungdomsklubb på tur til Helgatun. På programmet står blant anna bli-kjent-kveld, natursti, uteaktivitetar, bibeltimar, korøving og underhaldningskveld. Påmeldinga har starta. Send epost til vidar.sangolt@imf.no dersom du vil vere med. Marta og Fredrik Gravdal blir med som bibeltimehaldarar i år. Her finn du meir info om turen.

Bedehusbasar

åreBedehusbasaren i Norheimsund blir i år fredag 26. september. Bedehuset har vore gjennom store oppussingar, men det er planar for vidare arbeid. Det skal kjøpast inn nokre nye møblar, det er planar om å kjøpa nytt flygel og kjøkenet treng veldig til ei oppussing. Midlane som kjem inn på bedehusbasaren er difor sårt tiltrengte i arbeidet på bedehuset vårt. Basarkvelden blir det andakt ved Arne O. Øystese. Det blir åretrekning og hovudtrekning. Mellom gevinstane på hovudtrekninga finn me festbunad for jente, gutebunad og ein iPad. Gevinstar til åretrekkinga kan leverast på basarkvelden, men har du gevinstar til hovudtrekninga, er det fint om du tar kontakt med leiaren i basarnemnda, Øyvind Kleven på tlf. 95851974 eller epost oyvind.kleven@kvamnet.no. Velkomen på basar!

IMS-jubileumsrevy til Norheimsund 27. september!

Plakat revy Stord og Norheimsund_ENDELEG_FERDIG copyDå Indremisjonssamskipnaden (IMS) feira 150 års-jubileum på Husnes i slutten av juni, starta ein feiringa med Jubileumsrevyen «Glimt i auga og gløtt av himmel». Det er Ryfylke Livsgnist, med Tor Øyvind Skeiseid i spissen, som har skrive revyen, medan sjølve framføringa tok lokale amatør-skodespelarar seg av. Både alvoret og humoren gjekk rett heim hos dei som hadde møtt opp i ein fullsett Husneshall. Ein fekk på mange måtar oppleva nett det som stod skrive i IMS sitt blad IndremisjonsVenen i forkant; «Me gler oss til ein kveld der me veit at me både kjem til å kjenna klumpen i halsen, og få le saman.» Lokalavisa Kvinnheringen sin meldar hadde dette å seie om revyen: «Aktørane på scenen tok oss med i ulike tidsepokar av den 150 år lange misjonshistoria. Det vart ei, bokstaveleg tala, salig blanding av bedehusmiljø, forkynning, song, musikk og reinspikka galskap.»

No i september er det klart for to ekstraførestillingar av Jubileumsrevyen. Først ute er Kulturhuset på Leirvik laurdag 20. september. I Norheimsund blir førestillinga i Norheimsund idrettshall laurdag 27. september kl. 18.30. Billettar kan kjøpast hjå c)optikk Bjelland AS eller på billettservice.no.

Sjå her for meir info.

Bli med på Alphakurs!

alphaAlpha er tverrkyrkjeleg. Kurset vert arrangert over heile verda av dei fleste kristne kyrkjer. Over 16 millionar på verdsbasis har gått kurset. I Noreg har kurset hatt over 150.000 deltakarar. No kan du få vere med på Alphakurs i Øystese bedehus. Onsdag 3. september kl. 19.00 vert du invitert til middag i bedehuskjellaren i Øystese. Der får du meir info om Alphakurset. Klikk her for meir info om Alpha.

Klart for nytt korår!

DSC_0292Mandag 25. august startar Norheimsund & Øystese Ungdomskor opp att med øving i Norheimsund bedehus kl. 19.30. Det vert også dette året øving annankvar gong i Norheimsund og Øystese. Semesterplan finn du her. Velkomen til nye og gamle songarar!

Velkomen til Storsamling

storsamlingSundag 24. august kl. 11.00 (merk tidspunkt!) er det klart for haustens fyrste storsamling. Samlinga blir i Norheimsund bedehus. Temaet for samlinga er «Generasjonane saman». Marta og Fredrik Gravdal underviser. Det blir barneopplegg, kollekt og kaffimat.

Les meir om storsamling her.

Velkomen!