Sommaravslutning for ØIM

Sundag 4. juni kl. 11.00 vert det sommaravslutning for Øystese Indremisjon i hagen bak Øystese bedehus. Det blir andakt av Randi Sæleset, natursti og grilling. ØIM stiller med grillmat og drikke. Me tek opp ein kollekt! Ta med vener og kjente og møt opp 🙂 Velkomen!

Sommaravslutning for ungdomskoret 22. mai

Pga. dårleg vêrmelding blir sommaravslutninga flytta til hagen bak Øystese bedehus. Me tenkjer å vere ute, med bedehuset som backup 🌧😀. Det blir grilling og sporløp – som planlagt. Ta med gode klede, grillmat og drikke. Oppmøte er kl. 18.00 og me avsluttar kl. 21.30. Alle som skal starte i 8. klasse til hausten er velkomne til å bli med 🎶😊

Innkalling til ekstraordinært årsmøte i Norheimsund Indremisjon

Det blir ekstraordinært årsmøte for Norheimsund Indremisjon tysdag 23. mai kl. 19.30 – 20.30 i bedehuset. Sak: val av styrelem og varalem. Valnemnda har no fått kandidatar som gjer at styret vert fulltallig, men desse må formelt veljast av årsmøtet. Vidar Grindheim har sagt ja som styrekandidat og Kari Skeie ja som varalem. Dette vert ei kort samling, men det vert litt kaffi med noko attåt (for dei som har tid). Mogleg at det også vert kort informasjon om ny leiarstruktur i laget.

Bøne-inspirasjonshelg for kvinner

Det vert bøne-inspirasjonshelg for kvinner 6. – 7. mai hos Haugen Dalseth i Herand. Temaet er: «Sjå, eg skaper noko nytt!» Jes. 43,5. Med eit ønskje om å koma saman i bøn og lovsong og inspirera kvarandre, anten me er mange eller få der me bur, inviterer me til denne helga. Me reknar med at det kjem kvinner frå ulike deler av Hardanger og området rundt. Inviter med deg vener og bønepartnerar og kom! Det er lagt opp til overnatting hos Reidun Dalseth og Christina Tolaas. Du kan lesa meir om programmet og påmelding her. PÅMELDINGSFRIST: 24. april til est@bushsoft.com eller 47 30 89 81 Eli S. Tveitane. Velkomen til bøn og fellesskap!