Ny forsamlingsarbeidar i Øystese Indremisjon!

Øystese Indremisjon har fått på plass ny forsamlingsarbeidar! Solveig Hosøy er tilsett i 30% stilling frå 1. august. Ho overtek jobben til Vidar Sangolt som har auka stillinga si i administrasjonen i Kvam kulturskule. Vidar held fram med ungdomskoret.

Solveig Hosøy er 36 år og kjem frå Arna. Ho har lang erfaring med forsamlingsarbeid og er eit kjent ansikt i Indremisjonsforbundet (ImF). Kvar sommar er ho leirsjef ved Lyngdal bibelcamp og ho har sju år bak seg som tilsett ved Helgeland folkehøyskole i Nordland. No kjem ho frå jobben som avdelingsleiar på Danielsen Ungdomsskule Frekhaug. Solveig skal også jobbe som lærar ved Norheimsund Friskule og i ein stilling som arrangementsansvarleg i Nordhordland Indremisjon. Me er heldige som får dra nytte av hennar kompetanse for å styrke arbeidet vårt! Arbeidet til Solveig vil bl.a. bestå i å koordinere og utvikle forsamlingsarbeidet i Øystese. Ho kjem til å jobbe tett med styret i ØIM.

Du kan møte Solveig på Sundagstreff i Øystese bedehus 18. august kl. 11.00!

Me ynskjer Solveig varmt velkomen til oss!

Semesterstart i Øystese 18. august!

Me håpar alle har hatt ein fin sommar og ynskjer velkomen til nytt semester i Øystese bedehus! Me startar opp med Sundagstreff 18. august kl. 11.00 i Øystese bedehus. Det blir tale v/ leiar i Indremisjonssamskipnaden (IMS), Marit Ådnanes, og TREFF barnesamling. Kaffimat etter møtet! Heile haustprogrammet blir tilgjengeleg i løpet av veka :-).

Følg med på www.bedehusweb.no og ØIM på Facebook for oppdateringar!

Sommarope bedehus i Norheimsund

Som i fjor, blir det sommarope i Norheimsund bedehus tysdagar kl. 20.00 – 21.00. Det blir enkle samlingar med Guds ord og bøn. Velkomen!

Datoar: 25. juni, 2. juli, 9. juli, 16. juli, 23. juli, 30. juli, 6. august og 13. august.

    Sundagstreff med utsendingsmøte 2. juni

    Velkomen til SUNDAGSTREFF i Øystese bedehus 2. juni kl. 11.00! Dette blir utsendingsmøte for Sølvi og Øystein Mongstad m/ familie som reiser til Kenya for å arbeide ved den norske skulen i Nairobi. Etter samlinga blir det grillmat til alle og aktivitetsløype.

    NB! På grunn av Øystese Cup er det lurt å vere tidleg ute med tanke på parkering.

    Dette arrangementet er i samarbeid med Norheimsund Indremisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband.