Misjonshelg i Norheimsund bedehus 28. – 30. mars

Fredag 28. mars kl. 19.30: Tale v/Kjell Strømme
Fortel frå sin siste tur til Kenya/ Kapenguria
Laurdag 29. mars kl. 15.00:
Misjonsbasar. Andakt v/Norunn Markhus.
Song av barnekoret Shine.
Kafè, åresal og hovudtrekking.
Søndag 30. mars kl. 11:
Allesamansamling i samarbeid med Norheimsund Indremisjon.
Tale v/Kjell Strømme

Alle hjarteleg velkomne!
Arr.: Misjonssambandet

Medlemsmøte for Norheimsund Indremisjon

Kva tenkjer du er viktig for å realisera visjonen vår?

Tysdag 4. mars kl 19.30 i Norheimsund bedehus

Set av kvelden og ver med å gje retning for fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera! 

  • Eli S. Tveitane har kort innleiing om arbeidet ut frå satsingsområda i årsmeldinga og semester-tema «Gå og del!» og seier litt om NIM leiarteam som vart etablert i 2023.
  • Samtale rundt småborda
  • Enkel servering

Velkommen til deling, mat og prat!

Helsing styret for NIM

Nytt styre i Øystese Indremisjon!

På årsmøtet til Øystese Indremisjon sundag 26. januar var det val av nytt styre og husstyre.
Styret for 2025 er samansett slik: Vidar Sangolt (leiar), Miriam Almeland, Anna Mette Hals Klyve, Bent Inge Bentsen, Jakob Haaberg, Vidar Stensletten Eik, Nils Gunnar Oma og Andreas Ølfarnes (vara).

Husstyret består av Andreas Ølfarnes, Sveinung Aalvik, Jarle Sortevik, Egil Gammelsæter og Anders Sæleset.

Me ynskjer dei nye styra lukke til med arbeidet!