Velkommen til årsmøte for NIM fredag 5. januar kl. 18.00. Dersom me ikkje kan samlast inntil 50 personar, prøver me å samlast fredag 19. februar kl. 18.00 i staden. Følg med her på sida. Vanlege årsmøtesaker. Sjå innkalling og årsmelding. Ta med niste og kopp, så får du kaffi, te eller saft! Hugs medlemskontigent for 2021 kr. 250,- per person til betaling på NIM konto nr. 3530.20.31469. Merk betalinga med medlemskontigent 2021 + namnet ditt.
Covid-19; Oppdatering!

Godt nytt år til alle bedehusvener! Det nye året starta ikkje heilt slik me hadde tenkt. I samsvar med dei nye nasjonale smitteverntiltaka avlyser me alle arrangement i Norheimsund bedehus og Øystese bedehus i perioden 4. – 18. januar. Storsamlinga som var planlagt i Øystese idrettshall 24. januar vil bli flytta til eit seinare tidspunkt. Meir informasjon om kva som skjer vidare kjem når me veit meir 🙂 Mvh NIM og ØIM
Vil du støtte Øystese Indremisjon?
Eit spesielt år går mot slutten. Ein del arrangement har vorte gjennomført, men mykje er blitt avlyst på grunn av situasjonen me står i. Redusert aktivitet har gjeve ØIM mindre inntekter både til ungdomsarbeid og drift ellers. Vil du vere med å støtte ØIM med ei ekstra gåve no på slutte av året? Det er veldig enkelt. Bruk denne linken; Indremisjonsforbundet (xledger.me) og få automatisk skattefrådrag. ImF rapporterer til skattemyndighetene. Du kan betale med vipps eller kort. Eingongsbeløp eller faste trekk… Me blir glade for alle bidrag! ØIM ynskjer alle ei velsigna julehøgtid, så sjåast me på nyåret 😉
«Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss.» Matteus 1, 23
Med helsing styret i Øystese Indremisjon; Andreas Ølfarnes, Jakob Haaberg, Richard Longo, Nils Gunnar Oma, Sarah-Linn Black, Vidar Sangolt, Miriam Almeland, Randi Sæleset og Bent Inge Bentsen.
Allesamansamling 20. desember

Grunna avgrensing på deltakarar til maks 50, vert det påmelding til samling 1 eller 2. Send melding til: Eli S. Tveitane, 47 30 89 81 eller est@bushsoft.com innan fredag 18. desember kl. 17.00. Gje melding om namn, telefonnummer, og kor mange vaksne og barn som kjem frå familien. Vanlege reglar for smittevern vert følgde. Skulle du vera småsjuk er det fint om du held deg heime. Det vert ikkje grupper for borna og servering, berre noko lite som borna kan ta med seg.
Velkommen til adventsamling!
Lucia med Shine
Laurdag 12. desember spelte barnekoret Shine inn Luciasongen og to andre julesongar. Solfrid Lindøy fortel også historien om Lucia. Videoen blir tilgjengeleg kl. 12.00 i dag, 13. desember.
Trekning Julemessebasar 27. november 2020
Gevinst | Bok – Nr. | Vinnar | |
Grytesett | 14-14 | Eli og Øyvind Kleven | |
Adventstake | 4-108 | Gerd Vik | |
Klokke; Optikar Bjelland | 9-66 | Aud Odny Nordpoll | |
Støypejernsgryte | 2-459 | Synnøve og Ove Aasebø | |
Gåvekort Coop | 4-447 | Anne-Birthe Solberg | |
Bacho verktøysett, Gravdal | 3-380 | Claudia Soldal | |
Fenalår | 6-354 | Nils Einar og Anne Kari Sørheim | |
SodaStream | 1-317 | Bjørg Lid | |
Lego | 8-449 | Solrunn Leiren | |
Kaffikanne Eva Solo | 5-7 | Kristi Ingeborg Rydland | |
Skjærefjøl | 1-315 | Annbjørg Sæverås | |
Stort trefat | 2-186 | Per Olaf og Beate Lauvås | |
Tupperwear/riskokar | 8-456 | Eimund Solsvik | |
Vinkelslipar | 10-30 | Inger Sofie og Jostein Moldsvor | |
Gavepakning Spilde gard | 5-45 | Sverre Skeie | |
Akebrett | 3-187 | Naomi Løyte |
Netto inntekt kr. 46.000,-
Takk til alle som støtta med å kjøpe lodd!
Norheimsund, Øystese og Tørvikbygd Misjonssamband
Adventsmeditasjonar
Fram til jul legg me ut adventsmeditasjonar frå boka «Mitt umulige barn» av Jostein Ørum i podcasten her på bedehusweb. Det er ein episode for kvar dag i advent pluss ei innleiing. Ole Bjørn Kristensen les. God lytting!
Informasjon frå Norheimsund Indremisjon
Vi er inne i andre bølgja av Covid-19, og det betyr at dei vanlege samlingane i bedehuset går ut inntil vidare. Vi lyt difor nytta alternative måtar å få oppbygging på. Det er mykje god forkynning på internett som vi kan ta inn heime. Nokre linkar til slike er viste nedanfor.
Familiar:
Familiemøte med Johannes Olsen, https://indremisjonssamskipnaden.no/3304-2/
Adventssamlingar: www.sondagsskolen.no
Vaksne:
Plussord: http://www.plussord.no/
P-tro podcast: https://ptro.live/ptro-podcast/
P-tro nettradio: https://ptro.live/nettradio/
Norea radio: https://norea.no/hva/norge/radio-norea
P 7 kristen riksradio: https://www.p7.no/p7-kristen-riksradio/
Kanal 10: https://kanal10.no/
Imf-ung: https://preik.tv/
Følg også med på heimesida vår: www.bedehusweb.no
November-helsing frå styret i Norheimsund Indremisjon
Møteveke avlyst
Møteveka med Roald Evensen i Øystese bedehus 11. – 15. november er avlyst. Me jobbar med å flytte denne til eit seinare tidspunkt.