Dugnad i Øystese bedehus

Tysdag 20. mai og onsdag 21. mai blir det dugnad i Øystese bedehus. Diverse vaske-, rydde- og måleoppgåver. Me treng ein del folk denne gongen, så fint om mange kan delta. Tidspunkt er kl. 18.30 – 20.00 begge dagar.

Songmøte i Norheimsund

Tysdag 13. mai kl. 19.30 blir det songmøte i Norheimsund bedehus ved Harald Rydland og Øyvind Kleven. Tema: «Lina Sandell i ord og tonar».

Besøk av Batyr Nursen og Stig Magne Heitmann

Søndag 16. mars kjem Batyr Nursen på besøk til Norheimsund. Han vert med på Allesamansamling i Norheimsund bedehus kl. 11.00 og på Framnes om ettermiddagen. Batyr Nursen blei kasta ut av sitt eige heimland, Turkmenistan, torturert og fengsla for si tru. Han blei også svartelista i Afghanistan. Og no får han ikkje lenger innreise i Tyrkia, der han har budd i mange år. Fordi han trur på Jesus og fortel ope om Han. Med seg har han Stig Magne Heitmann som har skrive bok om Nursen si utrulege livshistorie. Boka vart «fødd» på Fosse i Strandebarm nokre få veker før Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Kom og få med deg kva det kostar å følgja Jesus i store delar av verda.