Forsamlinga – eit helbredande fellesskap

Vi som har bønetenesta under allesamansamlingane, vil gjerne invitere til å gjere seg nytte av denne tenesta gjennom forbøn. Og vi vil understreke at det treng ikkje vere store ting for å søkje forbøn. Til Gud får vi kome med alt, lite som stort. Du kan leggje ein lapp med forbønsemne i den vesle forbønskassen i gangen. Namn blir ikkje brukt utan at du sjølv gjerne vil det. Det kan også gjelde forbøn for andre. Dette blir teke med i forbøna under møtet og vidare på bønemøta tysdags morgonar. Når møtet er slutt, sit forbedar framme og er open for samtale/ forbøn. To tenester vil vi særleg halde fram, sidan dei ofte kjem litt i bakgrunnen: Den eine er salving og forbøn ved sjukdom, slik vi ser det skildra i Jak 5,14f. Også her vil vi understreke at dette ikkje berre gjeld alvorlege tilfelle, men er eit høve til å dele med ein annan det du måtte kjenne på eller slite med i så måte. Og så i fellesskap gå til Gud med det, slik hans ord inviterer oss til, og få kvile i det og med forventning til kva Gud vil gjere. Den som ønskjer ei slik forbønsteneste etter eit møte, vil bli teken med opp på kontoret bak galleriet, slik at handlinga kan skje i ei skjerma ramme. Forbedaren vil då be ein annan vere med som medbedar. Det er naturlegvis også fullt mogeleg å be om ei slik teneste heime. Då er det berre å kontakte vedkomande forbedar eller underteikna. Den andre tenesta er skriftemålet, ei hjelp til å bli skikkeleg løyst frå skuld og skam som det kan opplevast vanskeleg å bli fri frå, sjølv om ein gjerne mange gonger og over lengre tid har bede Gud om tilgjeving. Her òg har Guds ord sine lovnadsord. Jesus er inne på det fleire gonger. I Matt 18,18 les vi: «og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» Jfr. Joh 20,21. I Jak 5,16 står det: «Vedkjenn då syndene for kvarandre og be for kvarandre, så de kan verta lækte.» Poenget er ikkje å rekne opp alt som ein kan ha gjort eller sagt av gale ting, men det som tyngjer samvitet. For målet med denne tenesta er å lytte inn røysta frå nådetruna gjennom forbedaren: Syndene dine er tilgjevne. Du er fri.

Audun Aase, Norheimsund Indremisjon