Ny prolog

aI høve 17. mai-festen i Norheimsund bedehus skreiv Bjørn Høyland ein prolog. Solrun Leiren las prologen på festen. Her kan du lese han.

17.mai og Grunnlovsfesten 2014

Så er den her atter dagen vår,
den kjem til oss kvart einaste år.
Slik har den kome, ætt etter ætt,
me tek det som ein sjølvsagt rett.

Men ikkje alltid var det so,
me hadde ikkje sjølvstyre slik som no.
Det var andre kongar, frå aust og sør
som rådde og styrde før.

I eige land me var i klemma,
og sjølv me ei vår lagnad bestemma.
Dei framande, så langt dei nådde,
dei hausta der dei ikkje sådde.

Me sat som husmenn på fedrejord,
og vonløysa vaks seg stor.
I bygd og by, kring land og strand,
dei kjende trykket av den framande hand.

I hundrevis av år
hadde me levd i trellekår.
Med mykje sut i vårt land,
bundne i tronge framande band.

Danske futar sat med råderett,
på omsuta for landet tok dei lett.
Som med «sugerøyr» i andre sitt fat,
dei tok for seg og hausta hat.

Men Dansken var heller ikkje trygg.
Dei fekk ei tung bør på sin rygg.
Svenskekongen truga med krig,
og vonløysa hjå Dansken stig.

I Kiel dei både trugar og bed,
og der vart det ei semje om fred.
Noreg fekk ikkje der taka del,
men Danmark Noreg til Svensken sel.

Det likna hestehandel der Noreg var hesten,
ofte ein upåliteleg handel forresten.
For Dansketida vart dette slutten,
Noreg hadde lenge nok vore butten.

No vakna i Noreg modige menn,
og tanken mognast smått i senn,
tanken om å få styra seg sjølv,
men den tanken kom ikkje rekande på ei fjøl.

Frå heile landet kom utvalde folk,
taleføre var dei, trong ingen tolk.
I talet var det hundrad og tolv,
og møtestad fann dei på Eidsvoll.

Noregs Grunnlov var målet det store.
Men før dei sessa seg kring forhandlingsbordet,
dei samlast til bøn i kyrkja,
dei trong alle sin tanke styrkja.

Med age og truskap vart orda laga,
og alt lettkjøpt vart for tanken jaga.
Guds ord og bod var med kring bordet,
det var med truskap alt dei gjorde.

At jødane vart stengde ute
i Grunnlova, var ein lei «knute».
Heldigvis sidan de løyste seg.
Finns slike «knutar» hjå deg og meg?

Nå oppsving fekk vårt fedreland,
Gud nådig såg til folk og land.
Dei som forma lov og bud,
dei sanna: me har ein Gud.

Gjennom skiftande tider og år
har Grunnlova vore rettesnora vår.
Om noko i lova vert viska ut,
så vert det til skade for jente og gut.

I det siste har tidsånda angrepe grunnlova,
og me som skulle vakta ser ut til å sova.
Med lite glede me ser dette,
og bot og bøn må her vera det rette.

Gudsfrykt og kristendom
prega landet etter som åra kom.
Diverre, no går det ei onnor lei,
vel me vegen som kallast brei?

Nå vert kristendomen fjerna frå grunnlova
og sameleis i frå skulestova.
Kva norm får borna no som styrestav?
Vil dei med tidsstraumen reka av?

Freistaren verkar på mange område,
og hans vis er ikkje å visa nåde.
Svart det gjer han til kvitt
og vil eigna til seg livet, mitt og ditt.

På Eidsvoll var dei klår over faren,
og ville kjempa mot denne karen.
Grunnlova gav oss reglar og bud.
Redninga er å finna hjå Gud.

Kyrkja og skule og nokon kvar
eit felles ansvar har:
Med bøn og tru og ærleg gjerd
gå med i åndskampen her.

Ennå har Grunnlova sin misjon,
så lenge den råder er det von.
Gudstrua er sjølve fundamentet,
vert den fjerna, kva har me då i vente?

Kjære bygdefolk og andre som er her:
Omvending til Herren redninga er.
Guds velsigning har evighetsverdi,
det kjem me ikkje forbi.

Flagget vårt, det raude, kvite og blå
med krossen, vil som ei påminning stå.
Ei påminning til oss om Han
som stridde og ofra og vann.

17.mai burde vera ein takkedag
til Han som held det heile ved lag.
Ha stor glede over landet me fekk,
og hjelpa og støtta så langt me rekk.

Fedrelandssalmen er alltid aktuell,
og den sømer det seg å syngja i kveld.
Herre, ta fedrelandet i di sterke hand
og velsigna du både folk og land.

«Tidi ho renn som elv mot os, fort skifter sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs ljos radt til dei seinaste ætter!
Herre vår Gud, vårt Noregs Gud; Vara vårt land frå fjell til flud.
Lær oss å gå dine vegar.»

Bjørn Høyland, 17. mai 2014