Månadens profil – september 2012

Det er september og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – september 2012: Mirjam Eide Gravdal.

Namn: Mirjam Eide Gravdal
Alder: 33 år
Kjem frå: Norheim og bur på Norheim
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: Gift med Hans sidan 2000 og har tre barn: Ingrid (10), Randi(8) og Frede (5) + to kaniner (Anna Serafina og Julie)
Jobb: Lærar på Norheimsund skule
Fritidsengasjement: Familielogistikk, leiar i NHS Junior-Ving, med i husastyret for NHS bedehus, DESTA misjonsforeining
Bil: Honda Accord med ein vakker! blåfarge – når han er rein
Favorittfritidsaktivitet: Sveitta i oppoverbakkar, jobba i hagen, sy, teikna eller ta ein god, lang lunsj i godt selskap
Favorittlag: Mjukt underlag
Favorittreisemål: Over tregrensa eller til Tallinn (gamlebyen)
Favorittartist: Silje Nergaard
Favorittsalme: Deg være ære
Favorittbibelvers: Salme 8, 4-5. «Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der, kva er då eit menneseke, at du hugsar på det, eit menneskebarn, at du tek deg av det?»
Kristent førebilete: Møyfrid Kalvenes – fantastisk menneske og god kvardagskristen!

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Fjelltur
2. NRK eller TV2? Ha’kje noko val, NRK
3. Fotball eller film? Film
4. Sommar eller vinter? Kald, klar vinternatt med fullmåne og nysnø!
5. Vårt Land eller Dagen? Vårt Land
6. Facebook eller Twitter? Facebook
7. Koffert eller bag? Stort sett bag
8. Telt eller hotell? Telt på Tjørnfjell!
9. Taco eller pizza? Pizza
10. Knekkebrød eller brødskive? Brødskive

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Anna Mette Hals Klyve