Månadens profil – juli 2012

Det er juli og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – juli 2012: Ingvild Kleven.


Namn: Ingvild Kleven
Alder: 18
Kjem frå: Norheimsund
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: Mamma, Pappa, ein bror, to systre og to svograr.
Jobb: Skal begynne på siste året på Framnes til hausten, sommarjobb på Safa.
Fritidsengasjement: Norheimsund og Øystese Ungdomskor, Origo Ungdomsklubb, Framnes, friluftsliv, nyttar elles mykje tid med vener.
Bil: Låner mamma sin Peugeot
Favorittfritidsaktivitet: Gjera kjekke ting i lag med vener, bl.a. turar og diverse sprø påfunn.
Favorittreisemål: Opptil fleire, men likar meg best der det er sol og varme.
Favorittartist: Høyrer mykje forskjellig, men bl.a Casting Crowns og TV Experience.
Favorittlag: Molde FK
Kristent førebilete: Diverse leiarar på bedehuset, bl.a. Andreas Sørås.
Favorittbibelvers: Sef.3,17. «Herren din Gud er hos deg, ein helt som frelsar. Han gleder og frydar seg over deg, viser deg atter sin kjærleik. Han jublar over deg med fryd.»

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Begge deler
2. NRK eller TV2? TV2
3. Fotball eller film? Film
4. Sommar eller vinter? Sommar (viss det er sol)
5. Vårt Land eller Dagen? Les berre HF
6. Facebook eller Twitter? Facebook
7. Koffert eller bag? Bag
8. Telt eller hotell? Telt
9. Taco eller pizza? Taco
10. Knekkebrød eller brødskive? Knekkebrød

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Randi Håland