Juletrefest i Øystese 5. juledag

Torsdag 29. desember kl. 18.00 vert det juletrefest i Øystese bedehus. Juniorkorpset til Øystese Skulemusikklag deltek. Det vert musikkinnslag, andakt, julequiz, mat, pakkar til borna og sjølvsagt juletregang. Arrangør er Øystese Indremisjon og Øystese Sokneråd. Det vert teke opp ein kollekt til Strømmestiftelsen. Alle er velkomne!