Månadens profil – oktober 2011

Det er oktober og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – oktober 2011: Helga Nessa.


Namn: Helga Nessa
Alder: 25
Kjem frå: Osterøy
Medlem i: Norheimsund Indremisjon. Me flytta her til i haust og eg er enno ikkje komme så langt at eg har meldt meg inn. Men eg kan her og no offentleggjera at eg vil gjera det snart! 🙂
Familie: Gift med Sveinung, og me har ein gut på 8 månader som heiter Jakob
Jobb: For tida 100% husmor og mamma og trivst med det. Men eg er utdanna sjukepleiar og har søkt i kommunen og satsar på å begynne å jobbe litt etter at morspermisjonen min går ut i vinter
Fritidsengasjement: Eg likar mykje forskjellig; trening, friluftsliv, baking, hobby også er eg heldig å få vera med i barnekoret Shine!
Bil: Ein grå
Favorittfritidsaktivitet: Vanskelig.. Det spørs korleis dagen er. Kanskje strikkekveld med nybakte boller etter ein skitur?!
Favorittreisemål: Eg har veldig lyst til USA. Og Island. Og Roma!
Favorittartist: Odd Nordstoga!
Favorittlag: Osterøy IL og Brann
Kristent førebilete: Ragnhild, venninna mi!
Favorittbibelvers: Mange.. men blant andre Joh. 4,14 og Ef. 2,8-10 – Av nåde er me frelste

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Fjelltur
2. NRK eller TV2? TV2
3. Fotball eller film? Spørs kva for eit lag og kva for ein film, men oftast vil eg faktisk velga fotball framfor film.
4. Sommar eller vinter? Sommar med fint ver. Viss ikkje tek eg vinter.
5. Vårt Land eller Dagen? Dagen
6. Facebook eller Twitter? Facebook
7. Koffert eller bag? Artig spørsmål.. Koffert!
8. Telt eller hotell? Ja takk, begge deler!
9. Taco eller pizza? Pizza!
10. Knekkebrød eller brødskive? Heilt klart brødskive

Kven vil du utfordre til månadens profil i november? Ranveig Bjelland