Månadens profil – september 2011

Det er september og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – september 2011: Arne Kaldestad.


Namn: Arne Kaldestad
Alder: 27
Kjem frå: Osterøy
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: Gift med Maria, jenta vår Andrea er 2 år, og om kort tid blir vi ein familie på fire!
Jobb: Lærar på Framnes vgs
Fritidsengasjement/aktivitet: Duplo, bleieskift, KRIK og C-laget
Bil: Skoda
Favorittreisemål: Kvamskogen, Liverpool og Italia
Favorittartist: Bob Dylan, Jan Garbarek og U2
Favorittlag: Brann
Kristent førebilete: Jesus og Frans av Asissi
Favorittbibelvers: Salme 23: «Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, og gjev meg ny kraft. Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld. Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.»

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Ja takk
2. NRK eller TV2? NRK dersom det ikkje går fotball på TV2
3. Fotball eller film? Fotball
4. Sommar eller vinter? Vinter
5. Vårt Land eller Dagen? Vårt Land
6. Facebook eller Twitter? Twitter
7. Koffert eller bag? Koffert eller sekk
8. Telt eller hotell? Telt med “hotellfrukost”!
9. Taco eller pizza? Svelene til Martin
10. Knekkebrød eller brødskive? Brød

Kven vil du utfordre til månadens profil i oktober? Helga Nessa🙂