Nepalkveld i Norheimsund Bedehus

Ei gruppe på 13 frå Norheimsund og Øystese var i mars på tur til Nepal. Me besøkte Ragnhild og Tore Skeie som er utsendingar for HimalPartner (tidl. Tibetmisjonen). Me fekk eit innblikk i HimalPartner sitt arbeid på nært hald, og høve til å sjå ein del av landet. Tysdag 12. april kl. 19.30 vil me formidla inntrykk frå turen gjennom ord og bilete. Øystein Ådland har andakt og Lars Arvid Oma syner bilete. Det vert høve til å gje ei gåve til HimalPartner sitt arbeid.