Snart klart for turné!

Fredag 25. februar legg Norheimsund & Øystese Ungdomskor atter ein gong ut på misjonsturné. Dette året reiser koret til Vestfold og Buskerud. Det vert konsertar i Kvelde, Sandefjord, Sande i Vestfold og Hemsedal. I tillegg skal koret delta på ei gudsteneste i Tjølling mellom Sandefjord og Larvik. Hovudbase dei fire første dagane blir på Strand leirsted, like utanfor Sandefjord sentrum. Siste turnédøgnet skal koret bu på Gol. Lisbeth Fredheim Oma er med som talar og bibeltimehaldar. Ungdomskoret samarbeider i år med Normisjon. I løpet av turnéen skal koret samle inn midlar til Normisjon-prosjektet Martin Luther College i Dhaka, Bangladesh. I samarbeid med Kristelig Gymnasium (KG) i Oslo, har Normisjon etablert ein heilt ny kristen vidaregåande skule der ungdommar frå diskriminerte minoritetsfolk får sjansen til å ta utdanning gjennom ei stipendordning tilrettelagt for dei. Skulen opna 1. juli 2010 med 25 elevar, og vil på sikt ha plass til omlag 700 elevar. I tillegg til college vil det også bli etablert internat for studentar som kjem frå landsbygda. Normisjon har ansvar for stipend og internatdrift i tillegg til misjonærutgifter (les meir om MLC på trondibangladesh.blogspot.com). Ynskjer du å støtte prosjektet eller koret økonomisk, kan du bruke ungdomskoret sin konto 3530.20.11905. Hugs å merke betalinga med kva du vil støtte (prosjekt eller kor). Måndag 7. mars blir det heimkomekonsert i Norheimsund kyrkje kl. 19.30. Her vil publikum få sertvert heile turnéprogrammet.