Gospelnight

Om lag 65 ungdommar møtte fram på Gospelnight i Idrettshallen i Norheimsund laurdag kveld. Ingrid Kinne Solsvik og Charlotte Jensen song “Lean on me”. Magnus Hisdal tala om å vera “frihalsa” – eller frelst – frå slaveri under synd. Etter møtet var det kafe i Norheimsund bedehus.

Torstein og Jens Kristian Bjelland (15) er tvillingar og går på Øystese ungdomsskule. Dei vart med fordi venner skulle. Torstein seier han kanskje skal gå på Framnes neste år.

-Det var bra musikk i kveld. Og så fekk me høyra at me er fri og kan koma til Himmelen, seier Torstein.

På fritida driv Torstein med fjernstyrte, bensindrivne bilar. Han køyrer på vegen og på beitet som ligg ikkje langt frå huset deira. Beitet på Torpe er det besteforeldra som. Tvillingane deler interessa for fjernstyrte bilar. Dei spelar òg instrument, Torstein bassgitar og Jens Kristian piano.

– Det var litt lite folk her i kveld, kommenterer Jens Kristian.

-Me anbefalar sterkt å gå på Origo, seier han.

Therese Gloppen frå Fitjar går i tredje klasse allmennfag ved Framnes kristne vidaregåande skule. Ho går på Gospelnight når det høver:

Therese Gloppen og Inga Kristine Birkeland

— Det er veldig bra opplegg, så eg burde vore her kvar gong, seier ho.

Heim med seg i kveld tek ho at ho har høyrt mykje bra song og musikk, ho har møtt flotte folk og opplevd god stemning.

Venninna hennar, Inga Kristine Birkeland frå Bekkafjord i Finnmark går i fyrste klasse på Framnes.