Månadens profil – juli 2013

20130816_102643Det er juli og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – juli 2013: Gudrun Skeie Langeland. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.

Namn: Gudrun Skeie Langeland
Alder: 52 år
Kjem frå: Norheimsund
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: mann, 4 vaksne barn + puddel 😉
Jobb: Lærar ved Norheimsund skule
Fritidsengasjement: Familiesamvær, prating i telefon ;-), ha besøk, bibelgruppe, gudsteneste, laga det fint rundt meg, lufta hunden
Bil: Toyota Prius
Favorittfritidsaktivitet: Fjordbading frå påske til oktober + hagearbeid på hytta
Favorittlag: ??
Favorittreisemål: Barcelona. Draumen er Nepal og Kenya.
Favorittartist: Marianne Juvik Sæbø. Vamp.
Favorittsalmar: «Navnet Jesus» og «Du som freden meg forkynner»
Favorittbibelvers: Jer. 29,11: «For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»
Kristne førebilete utanom Meisteren: Ragnhild og Olav Helleve

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Båttur
2. NRK eller TV2? NRK
3. Fotball eller film? Ein god film
4. Sommar eller vinter? Lyse sommarkveldar
5. Vårt Land eller Dagen? Vårt Land
6. Facebook eller Twitter? Facebook
7. Koffert eller bag? Koffert
8. Telt eller hotell? Før: Telt. No for tida: Hotel
9. Taco eller pizza? Taco
10. Kjøt eller fisk? Fisk

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Reidun Grindheim