Klart for julemesse i Norheimsund!

Laurdag 24. november er det klart for julemesse i Norheimsund bedehus. Messa opnar kl. 10.00. Det vert sal av gåveartiklar og matvarer, mellom anna nysteikte mjølkekaker. Kafeen er open heile dagen. Det blir tombola for born og vaksne, misjonssamlingar med Helga og Arnfinn Røyland (kl. 12.00 og 15.00) og basar med åresal og hovudtrekning. I år går overskotet til Sentral-Asia og kristent fagpersonell. Arrangør er Norheimsund, Tørvikbygd og Øystese Misjonssamband. Velkomen til julehandel i Norheimsund bedehus!