Rejoice 2012

Origo UNG ynskjer velkomen til tiande utgåve av Rejoice! Ungdomskonferansen vert arrangert i Norheimsund bedehus 2. – 4. november. Over hundre deltakarar var samla i fjor – me håpar å samle endå fleire i år! Velkomen til møte, konsertar, lovsong, bøn, seminar og fellesskap i Norheimsund bedehus! Tema for Rejoice 2012 er «Restart». Talar er, i år som i fjor, Tor Ingvald Lauvrak (biletet) frå ImF. Du kan lade opp til årets Rejoice med å høyre opptak av talane frå fjorårets utgåve i podcasten vår. Seminarhaldar er Emil Andre Erstad. Det blir konsert med koret Redeemed frå Bergen fredag og ein lovsongskonsert med ulike aktørar laurdag. Klikk her for meir info, program og påmelding. Velkomen til Rejoice 2012!