Månadens profil – april 2012

Det er april og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – april 2012: Andreas.

Namn: Andreas
Alder: 22 år
Kjem frå: Espeland i Arna
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: 45431221, elles ein stor vetlebror og ei lita storesøster. Ei mor + ein far = sant.
Jobb: Ungdomsarbeidar i Origo, miljøarbeidar og elevassistent på Framnes.
Fritidsengasjement: Politikk og misjon. Dvs. KrFU på regionalt og til tider internasjonalt plan og Return2Sender sitt misjonsarbeid i Midtausten.
Bil: Opel Vectra A 1993 som er på veg til dei evige jaktmarker.
Favorittfritidsaktivitet: Friluftsliv, turar i fjellet.
Favorittreisemål: Etiopia, har vore der nokre gongar og lengtar tilbake.
Favorittartist: Rudi Myntevik, lovsongsplatene hans er stadig til velsigning!
Favorittlag: Det laget med sjokolade ytterst på Daimisen. Og Brann og Norheimsund!
Kristent førebilete: Øystein, ungdomsledaren min på ungdomsskulen betydde særs mykje for trua mi.
Favorittbibelvers: Filpparane 4.13; «Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.»

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Båttur ved fjellet
2. NRK eller TV2? NRK eller TV2
3. Fotball eller film? Fotball
4. Sommar eller vinter? Sommar
5. Vårt Land eller Dagen? Dagen
6. Facebook eller Twitter? Alt etter som
7. Koffert eller bag? Bag
8. Telt eller hotell? Ja takk
9. Taco eller pizza? Nam!
10. Knekkebrød eller brødskive? Brød

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Bent Inge Bentsen